mandag 3. mai 2010

Korleis påverkar den digitale fritidskulturen samhandling?

Korleis påverkar sosiale media barn og unge si evne til å samhandle? Eg kom over denne artikkelen frå New York Times, og syntes den var interessant. Ikkje minst kommentarane på side 2. Fungerer sosiale media som eit substitutt for ansikt- til - ansikt-kontakt? Eller i tillegg til? Kan sosiale media vere spesielt positivt for beskjedne barn? Vil dei utvikle seg til sosialt kompetente vaksne? Vil sosiale media redusere utviklinga av empatiske evner? Er det betre eller verre å møtes via sosiale media enn å henge på hjørnet og prate? Vert språket kvesta og kontakt mellom menneske overflatisk? Om ikkje artikkelen gir svara, så var det interessant å lese kommentarane på side 2.

http://www.nytimes.com/2010/05/02/fashion/02BEST.html

fredag 30. april 2010

Videoproduksjon

Ein film har ofte to partar, ei konflikt. Anslaget kan vere ein bil som kjem køyrande, i neste bilete ser vi ein ball som kjem trillande. Kva skjer? Vi skjønar at desse to bileta ikkje er tilfeldig plassert, og at det kjem til å skje noko som vil skape vanskar. Vi anar ei konflikt allereie i anslaget. I denne filmen eg har laga i Xtranormal er det ikkje ei tydeleg konflikt, men nokon vil oppnå noko. Filmen følgjer ikkje ei klassisk dramaturgisk oppbygging. Den handlar om læraren som motivator. Lærar Feel Good vert intervjua av rektor Moti Vator. I film er det ofte gjennom handling at ein karakter blir ein karakter. I denne filmen skjer ingen verdens ting, læraren må overtyder rektor om at ho er rette dame på rett stad kun ved hjelp av talte ord og eit begrensa kroppsspråk. Kameravinkelen er ikkje brukt bevisst for å skape ei haldning hos sjåaren, her er dei på likefot. Særs viktige formuleringar i manuset vert lagt vekt på ved bruk av nære og ultranære biletutsnitt. Eg har ikkje laga manus i Celtx denne gongen. Prøvde det i arbeidet med A2, og det fungerte fint. Filmen i seg sjølv kunne vore nytta som storyboard. No gjenstår det å sjå om lærar Feel Good får jobb:

søndag 25. april 2010

Kommentar til andre sine bloggar

Her har eg kommentert Ingebjørg sitt innlegg " Dannelse i vår tid":

Hei Ingebjørg! Etter å ha gått gjennom dei ulike foruma ser eg at du har vore til hjelp for mange, også meg då nokre på gruppa vår diskuterte mål og hensikt i avisoppgåva. Så aller først vil eg takke for at du har vore ein god klassekamerat ; ) Så over til det gode innlegget ditt her: Eg deler den hovudrystande undringa over korleis mange framstiller seg sjølv i det (halv-)offentlege rom. Å skulle handsame digitale arenaer krev kritisk medvit, og nokre skulle vore beskytta mot seg sjølv. Det er desverre ikkje så rart om 10-åringen bannar når faren gjer det same på veggen på Facebook. Alle må vere medvitne om korleis dei vil bli sett og vurdert. Etter ei tid på Facebook har eg skjønt kva som skal til for å vere vellukka mellom mine jamnaldringar. Då skal ein helst ha baka, vaska huset og tatt ein treningstur på næraste topp. Men takk og pris får ein vel seie, at menneske har eit ynskje om å framstille seg på ein positiv måte. Ein ser nok av døme på det motsette. Her har vi ein viktig jobb å gjere både heime og på skulen. PS! Det er ikkje eg som har lagt ut bilete av kakene mine på Facebook-sida mi! ; )

http://ingebjrgl.blogspot.com/2010/01/dannelse-i-var-tid.html

Kommentar til andre sine bloggar

Eg har kommentert Merete sitt innlegg om barn og unge sin digitale arena:

God artikkel du har skrive, med artig tilbakeblikk på brevpost-verda vi vaks opp i. Det er heller ikkje lenge sidan amerikanske filmar karaktersette dei såkalla "nerdane" med tjukke briller og "gammalmanns"-kle framfor ei datamaskin. Det var tre karaktertrekk som viste at du var en outsider. No er du outsider om du ikkje har Pcen i næraste sfære. Verste straffa for barn på 12 er ikkje å få husarrest, men å få stengt av nettet. Og for dei litt eldre så er dating via nettet ikkje lengre like lugubert,no heiter det å sende venneforespørsel på Facebook, og utvide sin sosiale arena. Det er interessant å reflektere rundt korleis den teknologiske utviklinga endrar oss og synet på verda. Og endringa er nok mest overveldande for den store tyngda av lærarar i senior-alder. Dei som har vakse opp med kun ein radio. For dei er nok Tønnesen (2007)sine sitat den største utfordringa".

http://meretejos.blogspot.com/2010/04/barn-og-unges-digitale-arena.html

lørdag 24. april 2010

Netvibes som informasjonsnav

Netvibes - informasjonsnav - RSS... aldri høyrt om det før desse leksjonane. Har sett dei oransje symbola, men tenkt at det var noko eg aldri kom til å skulle forhalde meg til. Men slik har det vore med mykje siste året, mange vekkjarar og mykje matnyttig og begeistrande. Slikt som netvibes som informsjonsnav for å hjelpe elevane til å søke hensiktsmessig på Internett.

I læreplanen LK06 står det i grunnleggande ferdigheiter for samfunnsfag mellom anna at elevane skal kunne: "… søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema" (UFD,2006). Dette stiller i følgje Krumsvik (2009 s. 238) krav til meg som lærar om å legge til rette for fagdidaktisk bruk av IKT. I leksjonane om informasjonskompetanse lærte vi at ved å samle hensiktsmessig informasjon i eit informasjonsnav, kunne vi presentere kvalitetsinnhald som ville gjere søkjeprosessen enklare for elevane. Å lage eit informasjonsnav tek tid og krev ei viss digital kompetanse. Vi skulle nytte 2.0-verktyet Netvibes, som er ein RSS-lesar. RSS står for "Rich Site Summary", eller på norsk; levande bokmerke. Her var det mykje å sette seg inn i og vurdere, både når det gjaldt Netvibes og innhaldet i navet.

Eg begynte på eit privat nav, som ein del av øvingsoppgåva. Men med tidspress og iver etter å gå i gang med M3 er det ikkje presentabelt enda. I informasjonsnavet det er lenke til her, ønskte eg å hjelpe elevane i søkjefasen, og med å utvikle ei kjeldekritisk haldning. Her er lenka til mitt informasjonsnav for samfunnsfag7.steg: http://www.netvibes.com/samfunnsfag7steg#SAMFUNNSFAG
No gler eg meg til eksamen er over. Då skal eg gjere ferdig mitt eige nav, med alt fornuftig og ufornuftig eg har lyst å bruke nettet til når eg berre får tid ; )

Geotagging

I emnet "digital arena" har eg prøvd meg på Geotagging, eller geografisk biletplassering som det heiter på norsk. Bileta hadde eg lagt inn i Picasa, og etter å ha redigert dei litt, lasta eg dei opp i ei offentleg mappe i Picasa nettalbum.
Deretter plasserte eg eitt og eitt bilete på rett stad på kartet ved å zoome inn og dra markøren til rett plassering. Grei prosess.
Om de klikkar på skjermkuttet under får de fram nokre motiv frå heimbygda Sykkylven:

Dette kunne vere ein del av "Heimbygda-prosjektet" som elevane har på ungdomsskulen. Då er elevar frå heile bygda samla, og ein kunne sett bygda frå alle vinklar ved hjelp av å geotagge. Dei fleste elevane har tilgang på kamera, og ellers er verktyet gratis, lett tilgjengeleg og brukarvenleg.

Kartet kunne vore ein del av ein nettstad, eller ein blogg om heimbygda. Samskriving i ein blogg eller på ein nettstad kunne ført til ei artig og variert framstilling, noko meir enn papirmapper som vert presentert og kanskje pakka vekk. Med lyd, film, bilete og tekst kunne elevane arbeidd aktivt og målretta i fellesskap. Ikkje minst med tanke på samarbeid på tvers av kjønna. Tønnesen ( 2007 s. 152) hevdar at "Mens guttene tiltrekkes av det som krever teknisk kompetanse, hurtighet og målrettethet, fasineres jentene av det som appelerer til det kreative og estetiske, og som utfolder seg over tid, der prosessen er viktigere enn produktet". På bakgrunn av det vil eg tru at gutar og jenter hadde hatt stor nytte av kvarande sine fasinasjonar i ei slik oppgåve.


Kjelder:

Tønnesen, E (2007) Generasjon.com. Oslo, Universitetsforlaget.

torsdag 22. april 2010

Tilpassa opplæring

"Elevene er mer motiverte for skolearbeid når de kan bruke PC. De opplever høyere grad av mestring og ser nytten av datamaskinen i læringsarbeidet".

Det seier prosjektleiar Cornelia Brodahl som er universitetslektor ved Institutt for matematiske fag ved Universitetet i Agder (UiA). I Forskning.no (2009) kan vi lese at PC-bruken fører til at "Elevene skriver mer enn før, og resultatet er mer oversiktelig og ser penere ut. De produserer multimediale tekster, noe som appellerer til flere sanser og læringsstiler og gir en bredere dokumentasjon av deres kunnskaper og ferdigheter".
Ingen av oss likar å gjere oppgåver vi ikkje klarer, og utfordringa som lærar vert dermed å vite kva som eignar seg til dei ulike elevane. Bru-konstruksjonen i leksjonen var ingenting for ei utolmodig sjel som meg, men oppgåva hadde nok redda dagen for andre.
"Digitale verktøy åpner en ny verden for læring, særlig for elever med lese- og skrivevansker", seier dr.philos Rune Krumsvik i eit intervju i Dyslektikeren (1, 2009. Han påpeikar vidare kor viktig læraren si rolle er når det gjeld tilpassa opplæring. "Det er ikke nok at lærere kan bruke en PC rent teknisk. Digital kompetanse er lærerens evne til å bruke IKT faglig med et godt pedagogisk skjønn og samtidig være bevisst på hva dette har å bety for læringsstrategier og utdanning til elevene".
Rådgiver ved Bredtvet kompetansesenter Einar Landmark sin artikkel i Dyslektikenen (1,2009) var svært interessant med tanke på læringsstrategiar. "Prosessorientert skriving (Dysthe 1993) ved hjelp av et tankekartprogram kan være den pedagogiske fremgangsmåten som knytter de ulike (strategi-)programmene sammen. Et tankekartprogram gjør at elevene kan jobbe i faser, en idé-, produksjons- og presentasjonsfase. Tekstrettingen ventes med til slutt". Han viste til at å starte skrivinga med å nytte retteprogrammet kunne verke demotiverande for elevar med skrivevanskar.
På grunn av personvern (eg arbeider på ein skule med 23 elevar, og dette er ein open blogg) vil eg ikkje skrive noko om eigne erfaringar. Men konklusjonen min etter denne leksjonen er at det er godt å få bekrefta at det vi har lært i studiet stemmer med røynda, også og kanskje spesielt når det gjeld tilpassa opplæring.


Kjelder:
Dyslektikeren 1 (2009) [Internett] Tilgjengeleg frå: http://norsknettskole.pedit.no/web/NettskoleRessurs.axd?id=9206ec08-95aa-45e0-9844-e65e70cb1ba6

Forskning.no (2010) [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.forskning.no/artikler/2010/januar/240118

Kommentar til andre sine bloggar:

Eg har kommentert Anders sitt blogginnlegg om sosial web:
"Eg er heilt einig med deg om at vi lærarane kan vere gode eksempel i filterbygginga. Og mi erfaring er at vi bygg relasjonar også. Mine elevar syns det er stilig at eg kan slikt dei er interessert i. Brått har vi enda meir å snakke om ; )"

http://anderstei.blogspot.com/2010/04/sosial-web.html

Blogging med klassa

Tidlegare i vår fekk eg låne 5.-7.klassa ved skulen vår, og temaet for veka var digital danning med fokus på nettvett. Korleis gripe an emnet utan å vere tantete og belærande? Eg valde å nytte elevane sin eigen sosiale arena, og laga ein klasseblogg. Trur elevane vart positiv overraska over vinklinga undervisninga fekk, dei hadde nok venta, eller rettare sagt frykta, ei messing om kva dei ikkje måtte finne på å gjere på det store farlege nettet. Og det fekk dei vite, men i ei anna form.
Etter å ha forklart for føresette kva som skulle skje, t.d. at denne bloggen ikkje skulle publiserast, var det greit at elevane fekk nytte sine private mailadresser for registrering. Eg avklarte også med elevane at det var greitt for dei å samskrive slik alle i klassa kunne lese. Det kan jo vere ein bøyg for skrivesvake elevar, elevar med dysleksi etc. I tillegg laga vi køyrereglar for korleis vi skulle skrive, og korleis vi skulle kommentere andre sine innlegg. Alle skulle få tilbakemeldingar, og kun konstruktive og positive ord. Vi kalla bloggen for "samskrivingsblogg", og så begynte moroa.
Eg styrte kva informasjon dei fekk om emnet nettvett denne gongen, deira fokus vart å konsentrere seg om innhaldet og lære seg å blogge på ein god måte. For kvart nettvett-emne vi lærte om, laga eg oppgåver i bloggen som dei skulle svare på. Og dei skreiv og skreiv. Og kommenterte kvarandre sine innlegg. I løpet av veka skreiv dei 12 elevane over hundre innlegg, og tilsvarande med kommentarar. Mykje god skrivetrening, og mykje god læring. Det kom fram då veka nærma seg slutten, og dei skulle evaluere.
Eg er overbevist om at elevane var meir motiverte for læring når dei fekk blogge om emnet. Det høyrer med til historia at elevane fortsette å nytte bloggen etter at veka var over. Når eg til hausten får mi eiga klasse, skal eg nytte blogging for samskriving. Google dokument er fint i nokre samanhengar, men motivasjonen for læring eg opplevde kom nok mykje på grunn av bloggen, deira heimebane.

søndag 11. april 2010

Nyheitsartikkel vs Feature

Nyheitsartikkel:
Artikkelen er henta frå vg.no den 11.4.2010. I overskrifta "Sauebønder truer med å skyte Bamse" ligg ei tilbakevendande konflikt, som dei fleste lesarane kanskje allereie har tatt part i. Det har i dette tilfellet den ikkje heilt objektive journalisten også, sidan han omtalar dyrearten bjørn med kjelenamnet Bamse. I ingressen kan vi lese "Sauebønder i Hedmark, Oppland og Sør-Trøndelag frykter en blodig beitesommer, og truer med ulovlig bjørnejakt". Vi får altså vite kven som truar, kvar, kvifor, når og med kva konsekvens.

Ei nyheit treng ikkje vere noko som har skjedd, men noko som kan/skal skje som i dette tilfellet. Om vi ser på Øystein Sande sine nyheitskriterier, så tydar det på at dette er ein nyheitsartikkel. Saka har aktualitet, og den handlar om ei konflikt, "rovdyrstriden", som allereie er etablert som sak frå tidlegare år. Temaet har aktualitet for mange, både fordi dette gjeld eit geografisk stort område, og fordi dei aller fleste har eit forhold til dyr. Anten det er Bamse eller små søte lam dei kjenner seg mest knytt til. Nyheita har konsonans sidan den er i tråd med tidlegare utspel i rovdyrstriden. Dette er altså ingen sensasjon, men oppfyller nok kriterier til å ha nyheitsverdi. Den kortfatta artikkelen er bygd opp etter den omvendte pyramiden, der den viktigaste informasjonen kjem først.

Featureartikkel:
Artikkelen frå Dagbladet.no sitt Magasinet med overskrifta " Svarte- Per", handlar om forskar Jørgen Lorentzen. Etter å ha delteke i programmet "Hjernevask" har han i følgje ingressen gått frå å vere ein respektert forskar til å bli ein riksdust. Biletet viser ein nedsunken Lorentzen i kontorstolen, der han i biletteksten vert omtalt som miljøvenleg. Under portrettbiletet står det at han er sverta og har gått på ein smell. I denne artikkelen er det bileta som set scena og viser stemninga. Journalisten skildrar Lorentzen sitt kjensleliv, tankane hans om natta og opplevingane etter det omdiskuterte TV-programmet. Journalistet kjem tett på, vurderer, analyserer, gir eit inngåande bilete av intervjuobjektet.

Artikkelen er skriven som ein samtale mellom journalisten og forskaren, med nærgåande og svært personlege spørsmål. Saka minner om ein featureartikkel, men kan den kallast tidlaus? Den er relatert til ei hending, men historia den fortel er alltid aktuell; mediemakt og medieslakt. Artikkelen fortel ei historie og appelerer til lesaren sine kjensler. Den er det amerikanske medieforskarar kallar "soft news", den omhandlar sosiale spørsmål og mjuke verdiar knytt til mennesket.

torsdag 8. april 2010

Informasjonskompetanse 1

Universitetsbiblioteket i Oslo sin definisjon på informasjonskompetanse er: "Evnen til å finne og behandle informasjon ut fra eksisterande individuell viten". I læreplanen LK06 vert det forventa at elevane skal utvikle denne evna. I læreplanen for samfunnsfag står det at
"å kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å gjere berekningar, søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema"(UFD,2006).

Når det gjeld det å søke seg fram til og finne eigna informasjon så er vi langt frå kompetente nok i skulen. Å utvikle informasjonskompetanse er omfattande og krevjande, men heilt sikkert eit arbeid det er verdt og nødvendig å investere tid i. Sjølv har eg "slept laus" elevar på Internett på jakt etter informasjon om eit emne, og læringsutbyttet etter bortimot klipp og lim har vore nedslåande.
Spørsmålet vert då korleis ein som lærar kan organisere læringsprosessane, slik ein unngår at elevane vert reproduserande og i liten grad reflekterande.

Birgitte Kleivset ved Universitetet i Agder deler informasjonskompetanse i; søkje, vurdere og bruke.

SØKJE:
Ho oppmodar studentane om å starte med motivasjonen for å leite etter informasjon, og deretter ein brainstorming for å kome fram til aktuelle søkeord. Gjerne synonym eller faguttrykk. Google vert anbefalt som søkemotor, i tillegg til leksikon som Wikipedia. Ho påpeikar viktigheita med å kryss-søke, og bruke ulike kjelder for å samanlikne innhaldet. I tillegg omtalar ho søkekatalogar som Kvasir og Yahoo, aviser og tidsskrift.

VURDERE:
For å evaluere kvaliteten på og velje ut hensiktsmessig informasjon nyttar ho spørjeord.
- Kven er opphavet til informasjonen? Er den eigna?
- Korleis er informasjonen framstilt? Passar den nivået til brukaren?
- Kvifor er dette skrive? Baktanke?
- Når er det skrive? Er kjelda oppdatert?

BRUKE:
Her viser Kleivset til Åndsverkslova og kravet om å henvise til kjelder.

Trass i at denne metoden er tilpassa studentar, har mykje av det Kleivset nemner overføringsverdi til grunnskulen i arbeidet med å skape effektive søkestrategiar for kvalitetssikra informasjon i relevante kjelder. Men er dette tilstrekkeleg?

Tord Høivik( 2008) skriv om å guide elevane og tilrettelegge læringsressursar, og påpeikar at måten elevane nærmar seg informasjonen på er avgjerande for læring. Han hevdar at for å finne kvalitetssikra kjelder må ein:

- velge vevstader av høg kvalitet når ein søkjer på eiga hand
- søke kvalitetssikra inngangar til veven
- bruke ressursar innanfor ein kvalitetssikra læringsarena
- bruke eit skule- eller folkebibliotek - om nødvendig med personleg rettleiing

I det vidare arbeidet mitt skal eg ta i bruk web 2.0-verktyet Netvibes som informasjonsnav. Dette skal eg gjere for å styrke informasjonskompetansen både hos elevane og meg sjølv. Eg kjenner på meg at det kan bli svært interessant!

Mindomo tankekart om film

For ei overfylt og visuell hjerne er dette reine SPA-opplevinga. Ut frå leksjonstekstane om videoproduksjon laga eg dette tankekartet i Mondomo:
http://mindomo.com/view.htm?m=a41b81add0c34c0d8e1a7330d6bc718a

Problemstilling for eit medieprodukt

I delemnet prosjekt og produkt skulle vi få kjennskap til prosjektarbeid som arbeids- og læringsmetode. Vi skulle lære å arbeide eksemplarisk med tidsavgrensa, resultatretta, samarbeidsbaserte engangsarbeid. Som nevnt i leksjonsteksten har oftast lærarar ein gjennomtenkt og uttalt baktanke med eit prosjektarbeid. Samtidig ynskjer vi elevar som er engasjerte, sjølvdrivne, bevisste og målretta. Ved å arbeide systematisk med konkretisering av problemstilling ut frå undervisninga sitt fokus, kan ein både auke motivasjonen og måloppnåinga hos elevane.

Døme på konkretisering av problemstilling:
Tema: Digital danning
Kompetansemål: Samfunnsfag, etter 7.trinn: "(...) utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett (...) Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbasert kommunikasjon."

Avgrensing av tema: Korleis auke medvitet rundt digital danning?
Avgrensing av problemstilling: Korleis auke medvitet rundt kva digitale spor elevane etterlet seg på Internett?
Betre avgrensa problemstilling: Korleis kan vi ved hjelp av ein video auke medvitet til elevane når det gjeld kva dei etterlet seg på Internett"
Avgrensa problemstilling: Gjennom å produsere ein video med ulike verkemiddel, korleis kan vi auke medvitet til elevar i 5.-7.klasse når det gjeld det å legge ut bilete på Internett?

søndag 14. mars 2010

Gruppa si felles vurdering av nettavisa

Arbeidsprosessen

Engasjementet var stort då vi innleia prosjektet og arbeidet med nettavisa. Prosjekteringa starta med val av tema, stil fokus og målgruppe. Det var klart viktig for oss å definere dette på et tidlig tidspunkt. Etter god drøfting kom gruppa fram til at emnet skulle være sosial web, med nettvett som tema. Nettvett er eit viktig tema som vi dessutan hadde jobba med før, til nettradio. Vi ville at artiklane skulle ha ulik vinkling til temaet, og difor femna vi om både skuleaktuelt stoff, som t.d. YouTube og blogg i undervisninga, og fritidsaktuelt stoff som t.d. Facebook. Vi lærte mykje om korleis skrive ein nyhendeartikkel og featureartikkel, og vi retta på kvarandre undervegs i prosessen.


Inntrykket av avisa

Vi er særs nøgde med heilskapen nettavisa vår har, og er særs nøgd med den reine og enkle layouten. Hovudtanken bak nettavisa vår var at den skulle ha ein seriøs stil då målgruppa er vaksne og lærarar. For mykje rot på sida kunne virke forstyrrande, og vi valde difor mellom anna få fargar. Bakgrunnen er kvit og vi har ei lysraud rame rundt sjølve nettavisa. Oversikt over artiklane ligg på rekkje og i venstre marg, noko som gjer det heile ryddig. Vi valde å ha skrifttype Arial i ingress og brødtekst. Dette for å skape ein heilskap i artiklane. Bileta vi har nytta har vi funne på internett eller teke sjølve.


Utfordringar i høve til Ver Varsam-plakaten

Ingen av sakene i nettavisa var ei utfordring å lage i forhold til Vær-Varsom plakaten. Men sidan vi nytta elevar i artiklane var vi særs merksame på § 4.8 "Når barn vert omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld også når føresette har gitt sitt samtykke til eksponering. Identiteten til barn skal som hovudregel ikkje røpast i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker".
Trass i løyve frå føresette, gjorde omsynet til elevane i artiklane om blogg og wiki at bileta vart tekne frå sida. Elevane vart ikkje omtala med namn, men som gruppe. I artiklane om SMS-språk og kjeldekritisk haldning er dei avbilda gutane 13-15 år, og innhaldet er etter vårt syn ikkje av slik art at det kan få negative konsekvensar for dei.


Vurdering av PedIT som verktøy for avisproduksjon

Etter en iherdig innsats og med et godt samarbeid med Norsk Nettskole under denne prosessen fikk vi endelig et solid og godt resultat i form av en ferdig nettavis. Både design og utseende ble til et sammenfattet produkt som vi kunne være godt fornøyd med. Den største utfordringen gjennom dette prosjektet og de ukene vi hadde til rådighet lå på det tekniske planet. PedIT som verktøy for et slikt oppdrag/prosjekt er bare noe gjennom min erfaring jeg kan understreke med at dette ikke er et plattform/verktøy som er særlig brukervennlig for pedagogisk bruk i grunnskolen for sammenlignet prosjekt. Alt for mange tekniske utfordringer som f. eks html koding, design tilpassning, støtte for lagring osv. Det meste vi slet med gjennom denne prosessen var at PedIT helst ville gjøre som den selv ville mens våre handlinger og begrensinger ble automatisk overstyrt og tilbakestilt ved flere anledninger. Bilder og artikler forsvant periodisk og menystyringen i selve avisen hadde en stygg tendens til å flytte på seg med variert mellomrom. Vår tid gikk i forholdet 70/30 til support hos Norsk Nettskole og ikke til selve arbeidet. Det estetiske sluttprodukt var godkjent i gruppen.

onsdag 24. februar 2010

xtranormal

Dette var utruleg artig! Her er filmen:
http://www.xtranormal.com/watch/6165609

Etter å ha nytta Xtranormal ved fleire høve, både for moro og i samband med oppgåver i studiet er det på tide å reflektere litt over bruken av det i skulen. I eine oppgåva vi laga nytta vi Xtranormal i ein dialog om temaet gruppepress, og eg er overtydd om at det er motiverande for elevane å jobbe med eit leikprega program der dei styrer både tale og bevegelsar. At dei må nytte engelsk (evt fransk, tysk, spansk) tale er eit stort pluss. Etter 7.trinn skal elevane i følgje læreplanen for engelskfaget kunne "gi en kort muntlig og skriftlig presentasjon av et emne". Og "bruke digitale verktøy for å finne informasjon og som redskap for å lage tekster."
Om ein tenkjer tverrfagleg undervisning kan ein nytte engelskspråklege verkty innan ei rekke tema, t.d. frå samfunnsfag eller norskfaget. Under samansette tekstar i norskfaget skal elevane etter 4.trinn kunne "lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde". Etter mi meining kan elevar i 4.klasse fint gjere seg nytte av Xtranormal, men det vil kunne dekkje fleire generelle og fagspesifikke mål for elevar på dei høgare trinna i barneskulen.

lørdag 13. februar 2010

Mediedanning og mediepedagogikk

Eit kinesisk ordtak seier: ”Når forandringens vind blåser, bygger noen vindskjerm, mens andre bygger vindmøller" (IKT i utdanning/ digital dannelse). ”Tradisjonelt har medieverden vært assosiert med underholdning, men nå har skolen mulighet til å bruke mediene som læringsarenaer. Dette gir samfunnet, hjemmet og skolen danningsmessige utfordringer på mange områder”(Krumsvik 2007).
Svein Østerud ( Vettenranta, 2007) omtalar dei danningsmessige utfordringane, og peikar på at skulen dei siste tiåra har vore i klemme mellom det han kallar defensiv moralisme og naiv teknologioptimisme. Han viser tilbake til L93 og IT-planen, der massemedia blei inkludert i underhaldningsindustrien, som skulen skulle lære elevane å møte med all mogeleg skepsis. Vidare viser Østerud til Stortingsmelding 30, eit systemskifte som betraktar tileigning av kunnskap som ein meir dynamisk og heilheitleg prosess. Østerud skildrar ”dynamisk danningsprosess” som at menneske aktivt dannar seg sjølv i dialog med sine kulturelle og sosiale omgivnader, ikkje lenger berre basert på nedarva førestellingar og oppsamla kunnskap. Forfattaren hevdar at no dreier det seg om å kunne analysere dei konkrete sosiale praksisane dei unge er involvert i , og hente fram dei ressursane som trengs for å handle kompetent i kvart enkelt tilfelle. Østerud meinar at kvardagserfaringane til elevane, gjennom bruken av digitale media, i liten grad vert trekt inn i undervisninga. Og det må til, om skulen skal kunne ruste barn og unge til deltaking i samfunnsliv og arbeidsliv.
Soilikki Vettenranta (2007) hevdar at ei mediekritisk haldning er ein naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for ein kompetent samfunnsborgar. Elevane treng også tid til refleksjon, stabilitet og høve til å lære empati og ansvar. Dette stiller store krav til skule og foreldre, som med omsorg og fastheit skal beskytte og støtte dei unge og bygge bru mellom populærkulturen og skulekulturen. Skulekulturen som i følgje forfattaren (ibid) er gjennomrasjonalisert, og populærkulturen som er meir emosjonell og bergtakande. Vettenranta hevdar at mediepedagogikken kan minske gapet mellom desse to kulturane, og føresetnaden er at dei mediedidaktiske måla har med seg den filosofiske overbygninga. ” Mediedanningen er ikke frikoblet fra sine samfunnsmessige, kulturelle eller politiske sammenhenger”(ibid).
Om vi ser tilbake på ordtaket som vart sitert innleiande, så kan vi konkludere med at det krevst verkty og innsikt for å bygge både vindmøllene og digital danning, og at skulepolitikken heldigvis har endra (vind)retning. Den har meir fokus på å nytte seg av ressursane media gir, i staden for å verne seg mot dei i form av einsidig kritisk tenkning. Skulen må unngå turbulens i dei unge sinna ved aktivt og målretta å utfordre elevane sine kritisk-analytiske, ekspressive og kreative evner. Og sette elevane i stand til å nå både generelle og spesifikke læringsmål.
Kjelder:
Østerud, S (2007) Krever medieutviklingen en ny dannelsestenkning? S. Vettenranta (red) Mediedanning og mediepedagogikk – fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Oslo, Gyldendal Akademisk
Vettenranta, S. (2007) Mot mediedysleksiens tidsalder? S. Vettenranta (red) Mediedanning og mediepedagogikk – fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Oslo, Gyldendal Akademisk
Krumsvik, R (2007) Skulen og den digitale læringsrevolusjonen. Oslo, Universitetsforlaget.
Andre kjelder:
IKT i utdanning/ Digital dannelse: ( Internett) Tilgjengeleg frå: http://no.wikibooks.org/wiki/IKT_i_utdanning/Digital_dannelse
( Lasta ned 13.2.10)

onsdag 10. februar 2010

Design

I leksjonen om visuell utforming lærte vi om grunnleggande trekk og visuelle verkemiddel når vi skal lage ei nettside.
Korleis skape ei hensiktsmessig nettside som treff den tiltenkte målgruppa? Her er god planlegging av struktur og ein strategi for innhaldet avgjerande. Dette påverkar språket og utforminga. Visuelle verkemiddel som farge, skrift og komposisjon avgjer om innhaldet, og dermed bodskapen, når mottakar.

I leksjonsteksten kom vi inn på dei engelske omgepa "accessability" som tyder tilgjengeligheit, og "usability" som går på kor brukbar nettsida er utfrå føremålet.
Føremålet med studiebloggen min er å få synleggjort innsikt i dei ulike delemna i studia DKL1 og DKL2. Mottakar er lærarane mine, medstudentane og meg sjølv. Vi har felles interesse for digital kompetanse, snakkar same fagspråk og vil same veg. Samtidig som bloggen kan vere av interesse for medstudentar, så gir den meg ei oversikt over kva eg har lært, og dermed grunnlag for vidare refleksjon. Det at bloggen er open for kommentarar gjer den meir brukbar ut frå desse føremåla.

Eg har bevisst vald lys bakgrunn, få skrifttypar, lite forstyrrande og unødvendige element. For andre mottakarar kan bloggen vere kjedeleg og lite inspirerande, for meg er den ryddig. Dette har med oppfattingsevne, men også med smak å gjere. Eg kunne ikkje hatt glitrande og blinkande figurar i arbeidsreiskapet mitt, eller i ei nettside eg ville presentere meg gjennom.

Komposisjonsmessig burde oversikta over innlegga mine komme høgare oppe, for å gjere innhaldet meir tilgjengeleg. Gadgets i form av spørjeundersøkingar var meint å skape meir liv på sida, og gjere den meir interaktiv, men responsen var laber og det er visuelt heller støyande. Eg følgjer alle medstudentane sine bloggar, noko som gir meg fellesskapskjensle og inspirasjon. Det er enda eit moment som taler for at bloggen min er likeså mykje ein arbeidsblogg for meg sjølv som ein presentasjonsblogg.

Radio.com og Radio Nettvett

Gruppa var er etterkvart erfarne Skypebrukarar, etter mange og lange kveldstimar med headset det siste året. Stort sett fungerer lyden bra, og det er supert å kunne diskutere medan vi sender t.d. lenker oss i mellom som vi treng i arbeidet. I samband med arbeidskravsoppgåve 1 i delemnet Lydproduksjon for web "sette vi opp eit Skypestudio", og gjorde opptak via Pamela.
Ein hadde ansvar for opptaket, ein var programleiar, og dei to andre skulle vere med i debatten rundt temaet vi skulle ta føre oss i Podcasten. Debatten ut frå stikkord vi var einige om gjekk vel så bra som opptaket etter manus til arbeidskravsoppgåva.

Lydmannen delte opptaket med oss andre, etter at han hadde redigert det i Audacity. Resultatfila i Mp3-format vart lagt i mappa i Dropbox, og vi delte Dropbox-mappa med kvarandre.
Her er øvingsoppgåva:
https://dl.dropbox.com/u/4409623/Carlos%20rad%20lyd.mp3

Parallelt med Arbeidskravsoppgåva hadde eg IKT-veke med elevane i 5.-7.klasse. Fekk låne dei ei veke og arbeidde med temaet nettvett. Omsider fekk eg høve til å prøve ut ulike verkty frå DKL1 og DKL2-studia, mellom anna laga vi radioprogram om nettvett i Audacity. Oppgåva var ganske fri, dei hadde arbeidd med ulike delemne innan temaet, og fekk vinkle radioprogrammet etter eige ynskje. No kan eg meir om avgrensing av problemstilling og produktmål, og kjem nok til å nytte det i seinare prosjekt. For eg ser at det kan vere vanskeleg å avgrense og halde den raude tråden når oppgåva vert så fri.

Eg viste elevane korleis dei gjorde opptak og redigerte i Audacity. Dei fekk lenker til opphavsklarert musikk dei kunne bruke til jingle og som bakgrunnsmusikk. Elevane arbeidde i grupper på tre, og skreiv manus til radioprogrammet. Dei fire gruppene gjorde opptak i same rom, men kunne flytte til grupperom om det var vanskeleg å konsentrere seg. Ei gruppe valde arbeidsro, dei andre såg ikkje ut til å merke at det var andre i rommet.
Elevane la om til bokmål(!)trass i at der er mange sunnmøringar i NRK ; ) Og med driv og entusiasme produserte dei varierte programinnslag og reklamepauser. Det var artig å sjå kor dei stillaste tødde opp og markerte seg. Mi rolle vart litt rettleiar, men mest tilskodar. No hadde eg rett nok ei lita gruppe, men med svært varierande datakompetanse, og Audacity var ukjent for alle.
Då elevane skulle oppsummere veka, var det fleire som meinte at radio, det var det kjekkaste og mest lærerike. Og når verktyet fall i smak og fungerte, er det berre opp til meg som lærar å finne ut kvar det kan gi undervisninga meirverdi.

Wiki

Øvingsoppgåva for sosial web 2 var å opprette ein wiki som omhandla tre ulike nettsamfunn. Gruppa vår valde Facebook, Twitter og Nettby. Disse sosiale media skal vi (etterkvart) presentere, og vurdere kva funksjonar dei kan ha i undervisninga vår.
Lenke til wiki for gruppe 5: http://internettsamfunn.wikispaces.com

mandag 25. januar 2010

Sosial web 1

Kan vi nytte ulike nettsamfunn i vår pedagogiske verksemd? Mi erfaring med nettsamfunn brukt i undervisninga begrensar seg til små filmsnuttar henta på Youtube, for å kvikke opp eit tema og skape variasjon. Om eg hadde hatt mi eiga klasse, hadde eg nok nytta Youtube som utangspunkt for tema, som instruksjon, - her trur eg det kun er fantasien og ein viss porsjon nettvett som set grenser for bruken. Å nytte andre nettsamfunn har ikkje komme føre meg, så her blir det å starte heilt frå 0. I haust fekk dei eldste elevane ved skulen vise læraren sin korleis dei nytta Nettby.no. Med stor entusiasme viste innbyggarane i byen fram sidene sine via storskjerm, og læraren fekk kjennskap til ein by vi andre i personalet ikkje visste eksisterte. Eg melde meg inn i nettby sist veke, forklarte for elevane at eg hadde flytta inn i samband med studiet og at eg gjerne ville vere venn. Dei syntest det var stas, og innlemma meg raust i venneflokken. Allereie første kvelden fekk eg tilbod frå to framande karar som ville vere meir enn venn. Direkte og utan blygsel, dei var jo anonyme. Då eg avslo, fekk eg beskjed om at dette var ein sjekkeplass, og at eg burde nytte høvet til å finne ein elskar. Møtet med Nettby gjorde meg skuffa og uroa for elevane, og eg må motivere meg kraftig for å tenke ut korleis ein kan nytte dette nettsamfunnet til anna enn å arbeide med digital danning. Før eg slaktar det mest populære nettsamfunnet overfor elevane, må eg sette meg meir inn i det. For å kunne nytte nettsamfunnet til pedagogisk verksemd hadde i tilfelle vore ein unik sjanse til å møte elevane på eigen arena.
Facebook.no har eg vore medlem eit par år. I utgangspunktet for å halde kontakt med gamle elevar på anna kant av landet. Etterkvart har tidlegare studievenner tatt kontakt, og eg held kontakt med familie og venner. Sosialt og oppdaterande, og brukt med varsemd kan ein unngå ubehag. På Facebook kan ein velje sine venner, og i kor stor grad dei skal bli innlemma i livet, barna, brødbakinga og selskapligheitene. Ein vel sjølv korleis ein vil framstå. På Facebook kan ein melde seg inn i grupper, gi si støtte i samfunnsmessige spørsmål og på den måten vert nettsamfunnet ein arena for samfunnsdeltaking. Når spørsmålet om den skjemmande kraftlina kjem inn i stova via nettet, vil fleire orientere seg, jamfør Obama si presidentkampanje. Om Facebook kan nyttast i pedagogisk verksemd? Då lyt eg få nokre tips frå dykk andre, foreløbig tenkjer eg at der fins andre enklare, sikrare(?)og like populære verkty å skape god undervisning ut frå, til dømes Blogger.com.
Det tredje og obligatoriske nettsamfunnet eg er medlem av, Del og bruk. no, skildrar seg slik: Et nettverk for lærere, pedagoger, forskere, byråkrater, bibliotekarer og andre med interesse for sosial web, IKT og skole. Del, øk og bruk din digitale kompetanse. Sammen er vi smartere! Som nytt medlem i nettsamfunnet har eg så vidt begynt å orientere meg. Fann ein super film om nettvett som eg skal bruke, og er spent på i kor stor grad eg kjem til å dele. Det vil eg nok med tid og erfaring. Her var det trygt å vere!; )

mandag 23. november 2009

Lydfil i Audacity

Puh! Der var Mappe 3 inne, ti minutt før fristen gikk ut, og det var iskald beregning sjølvsagt...; )
I dette herlege øyeblikket etter å ha trykt på "lever"-knappen kan eg i ro og mak konstatere at arbeidet i Audacity var ei god byrjing på noko. Dette programmet kjem eg til å bruke, også saman med 1.klassen min, sjølv om dei kanskje ikkje kan bruke alle redigeringsmuligheitene så kan eg det. Og dei må jo starte ein stad.
Audacity; Gratis, greitt og givande, dei tre g-ane! Gler meg til å drysse krutongar og Parmesan ein vakker dag ( jfr leksjonstekst om lyd) !

Bruk av rekneark

Før eg tok til på reknearkoppgåva hadde eg nytta rekneark på tradisjonell måte i matematikkundervisninga i grunnskulen. Eg hadde sett opp regnestykke og laga enkle formeloppgåver til elevane. Dei ulike regnearkeksempla i leksjonen, og tankane på forum, ga meg idear til undervisningsopplegg eg kan nytte i undervisninga. Også i andre fag. I oppgåva mi valde eg likevel å halde meg til matematikkfaget. Eg brukar kvart år å vise elevane korleis ein kan finne Pi ved utrekning. Tidlegare har vi brukt penn og papir. Ved å nytte eit førehandslaga excelark, der elevane set inn dei ulike variablane for ei Pi-utrekning, får elevane
lære om konstanten på ein annan og kanskje meir effektiv måte.

søndag 22. november 2009

Nett og vett

Det er med stor interesse eg har lest leksjonen om hensyn. For få år sidan var ikkje dette med publisering av t.d. bilete på nettet ei problemstilling for meg. Ikkje hadde skulen heimeside, og ikkje hadde eg ekshibisjonistiske tenåringar i hus som la ut bilete av seg sjølv og venninna på penest.no. Men så dukka Facebook opp, og der var brått heile familien min publisert, utan at eg hadde blitt spurt. Kjente at det skurra, for eg vil velgje kven som ser meg og mine barn avbilda. Det vil og skal alle foreldre. På min skule har vi innhenta løyve til fotografering av elevane ein gong i året, utan at vi har publisert eit einaste bilete. No er skulen i gang med innføring av Pedit som læringsplattform, så tida er inne for eit foreldremøte der avbilding av elevar vert eitt av fleire tema. Samtykke til publisering må  innhentast skriftleg i etterkant, og lærarane må sjølvsagt ha fått ei grundig innføring i forkant. Den siste tida har vi arbeidd med å bevisstgjere elevane i forhold til dette med å publisere bilete av seg sjølv og kvarandre på internett. Det trengs, for no er barna kanskje meir digitale enn foreldra, samtidig som dei ikkje er modne nok til å tenke konsekvensar.

lørdag 21. november 2009

Kommentar til Erik S sin blogg

Du har nok heilt rett i at mange ikkje veit kva moglegheiter som finnast gratis og lett tilgjengeleg på nettet. Og om dei vert gjort merksame på "fruktfatet" dei kan forsyne seg frå, vil programma kanskje framstå som uoverkomelege. Eg trur også at lærarane ved ein skule må sette seg inn i verktyet ilag, og få ein felles kjennskap til og kunnskap om det i trygge omgivnader. På min skule må vi nytte bunden tid til å trene på ulike verkty om alle skal få den naudsynte kompetansen.Det er ikkje tid til, eller motivasjon for, eksterne kurs for heile personalet dersom dette skal komme i tillegg til alt anna. Og så er det noko med den fellesskapsfølelsen i eit personale; "dette kan vi, og slik gjer vi det på vår skule".

torsdag 19. november 2009

Kommentar til Magnus sin blogg "La det spire og gro".

Artig bilde du har av prosessen, og ei god slutning!

mandag 9. november 2009

Vurderingspraksis i endring.

Min skule samarbeider med dei andre skulane i kommunen i nettverk for å utvikle betre vurderingspraksis. "Vurdering" er satsingsområde i vår felles kompetanseutviklingsplan, og prosessen er i samarbeid med ein høgskule. Denne prosessen har til no ikkje hatt fokus på vurdering av digital kompetanse, men generelt på vurdering av og for læring. På min skule har vi arbeidd med å gjere elevane bevisste på læringsmåla, og vi er under endring av vurderingsformene. T.d. vert læringsmåla presenterte på vekeplanen og på tavla kvar time. Læraren sine tilbake- og framovermeldingar vert notert av eleven på eit skjema. I tillegg har klassen veketest. På bakgrunn av skjemaet og veketesten skriv eleven i loggboka ei vurdering av arbeidet sitt.
Men kvifor skriv ikkje eleven logg i ei digital arbeidmappe? Kvifor vert ikkje den digitale kompetansen vurdert?
Skulen har dei siste åra vore nedleggingstrua, og kommuneøkonomien og situasjonen har ført til at oppgradering av infrastrukturen ikkje har hatt første prioritet. Vi har ikkje hatt digitalt kompetente lærarar eller leiing med digitalt fokus. Men dette er ikkje snakk om ei synkande skute! I haust har alle skulane i kommunen starta innføringa av digital læringsplattform, Pedit, og vi går med krum hals i gang med "Det digitale klasserommet". Skuleeigar satsar, skuleleiar får i desse dagar auka sin digitale kompetanse, og lærarane vert inspirerte. Skulen min endrar seg til å bli meir digitalt kompetent, både på lærar- og elevsida. Utstyret kjem på plass. Denne veka har elevane fått eigne digitale arbeidsmapper. Kva skjer neste veke? Kanskje kan elevane legge fram ein digital portfolio til våren?

søndag 8. november 2009

Digital kompetanse med utgangspunkt i Blooms taksonomimodell.

Bloom sin taksonomimodell ( Bloom, 1956) blir brukt til formulering av læringsutbytte.  Klassifiseringsmodellen er delt i 6 hovedtrinn;
1. Hukommelse, 2.Forståing, 3. Bruk/ Tillemping, 4. Analyse, 5. Syntese og 6. Vurdering.
Taksonomien viser til verb som kan skildre læringsutbyttet på dei ulike nivåa, og ved hjelp av dei kan ein vurdere kompetansegraden til eleven i låg, middels eller høg kompetanse. Til dømes slik:
Låg kompetanse:        Nivå 1-2 Gjengi, forklare, formulere (hukommelse, forståelse)
Middels kompetanse: Nivå 3-4 Anvende, samanlikne,klassifisere (tillempe, analysere)
Høg kompetanse:       Nivå 5-6 Drøfte, vurdere, avgjere, oppsummere(syntese, vurdering)

Kjelle vgs har laga ei oversikt over verb-bruken i sitt arbeid med læreplananalyse, og eg vel å nytte den når eg bryt ned dette kompetansemålet i delmål.

I læreplanen (UDF, 2006) finn ein dette kompetansemålet i faget samfunnsfag, etter 7.trinn:
"Eleven skal kunne velje eit tema, forme spørsmål og kaste lys over dei ved å bruke ulike kjelder".
Verbet "velje" føreset i følge Kjelle(2008) middels kompetanse, og "kaste lys over" føreset høg kompetanse.
"Forme" føreset middels eller høg kompetanse alt etter om ein definerer det som å "konstruere"(middels), eller bruke kunnskapen meir kreativt. Det kreative føreset i nokre tilfelle høg kompetanse.
Om ein skal bryte ned dette kompetansemålet i tre nivå, kan det formulerast slik:

•Låg: Eleven skal kunne velje mellom gitte tema og svare på spørsmål knytta til temaet. Eleven skal vidare kunne påvise informasjon om temaet i ulike trykte og digitale kjelder.

•Middels: Eleven skal kunne velge eit tema, og finne og bruke informasjon fra ulike trykte og digitale kjelder til å konstruere spørsmål om temaet.

•Høg: Eleven skal kunne velje ut eit tema, finne og vurdere informasjon fra ulike trykte og digitale kjelder som vidare kan nyttast til å forme spørsmål og drøfte desse i forhold til temaet.

Når eg har tolka "kaste lys over" i dette kompetansemålet, har eg tenkt vurdering og drøfting av innhald frå ulike trykte og digitale kjelder.
Om eg hadde tenkt presentasjon, kunne ein i stor grad ha differensiert ved å nytte digitale hjelpemiddel.


.............................................................................................................................

UDF(2006) Kunnskapsløftet: Fag og læreplaner for kunnskapsløftet. Undervisnings-og Forskningsdepartementet (internett). Tilgjengeleg frå: http:// www.udir.no/grep (lasta ned 4.11.09)

Kjelle vgs( 2008) Læreplananalyse LK06. Internett. Tilgjengeleg frå: http://www.kjelle.vgs.no/file.php?id=9392  (lasta ned 21.10.09)

fredag 30. oktober 2009

Oppdraget, visjonen og resultatet- kva skal skje vidare?

Det er i fastlagt i læreplanen, L06, at bruk av digitale verkty skal inngå i alle fag på alle årstrinn på linje med å lese, skrive, rekne og uttrykke seg munnleg. I Søby sin rapport, Digital skole hver dag (2005), står det at "ansvaret hviler på myndighetene OG på skolen selv. Skolens digitale hverdag handler om bevilgninger, men like mye om endring innenfra til en ny tid, en ny mediekultur og en digital hverdag for barn og unge". Korleis står det til i 2009, har vi nådd målet om integrering av IKT i alle fag?
 I Program for digital kompetanse (2004-2008) - posthumt frå 2008 kan vi lese at " (...)det har vært en avstand mellom ambisiøse politiske visjoner og mål for digital kompetanse, og skolens evne til omstilling og implementering av digital kompetanse i praksis".
Kva har ein komme i mål med? I fylgje Vibeke Kløvstad, UTI,  er vi  i verdstoppen når det gjeld datautstyr og infrastruktur – så det er ikkje lenger spørsmål om dette, men spørsmål om korleis skulane bruker utstyret.
ITU Monitor 2009 viser at einsidig satsing på PC-dekning i skulen ikkje er nok. Det er lærerane sin kompetanse og arbeidsmønster, saman med usystematisk skuleleiing som er flaskehalsen i norsk grunnskule i dag.
Korleis kjem ein vidare? I artikkelen  "Vil styrke skoleledelsen for å bedre IKT-bruken"  (http://www.regjeringen.no/) kan ein lese kva Kunnskapsdepartementet vil gjere for å styrke bruken av IKT i skulen:
 •Digitale ferdigheiter skal styrkast i den nye lærerutdanninga og gjennom vidareutdanningstilbod.
•Pedagogisk IKT-bruk blir ein del av den nye rektorutdanninga.
•Det skal etablerast eit nytt nasjonalt "Senter for IKT i utdanningen", som blant anna skal drive veiledning av skular og skuleeigarar
•Det skal utviklast kvalitetssikringsverkty for digitale læremidler.
Kunnskapsdepartementet etablerer Senter for IKT i utdanningen frå årsskiftet 2009/2010. Hovedoppgåva for senteret blir å styrke kunnskapen om IKT i læringsprosessane og å formidle denne kunnskapen. Senteret vil også ha viktige oppgåver innanfor digitale læringsressurser, læringsteknologi, identitetsforvaltning, standardisering og utdannings- og yrkesinformasjon.
 
Dette ansvaret tek myndigheitene. Då står det att å sjå om skuleleing og lærarar prioriterer tid til å gjere sin del av arbeidet med å integrere IKT i alle fag på alle trinn.


.........................................................................................................................................................
Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] Tilgjengelig frå: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf [Lasta ned 05.10.2009]

Kunnskapsløftet, Læreplan for grunnskolen og videregående opplæring 2006 (L06). Oslo, UFD.

http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/aktuelt/nyheter/2009/vil-styrke-skoleledelsen-for-bedre-ikt-b.html?id=573971

Integrering av IKT

"Det er stor faglig og politisk tro på at skoleutviklingen vil skyte fart gjennom økt bruk av IKT, og på at skolen kan bli mer fremtidsrettet og effektiv",skriv Eldar Dybvik, rådgiver ved Statens utdanningskontor i Vestfold, fylkesprosjektleder for det nasjonale IKT-prosjektet PILOT (Prosjekt Innovasjon i læring, organisasjon og teknologi). Vidare refererer han til representantar frå NCTE som har uttalt at: "De største hindringene ligger i motstand hos lærerne. Mange lærere er negative. Andre er redde. De vil ikke slippe kontrollen. En utbredt lærerholdning er at elever bare leker og ødelegger. Det vil ta svært lang tid å få lærerne dit de skal være"(Dybvik,Aftenposten 09.11.00, IKT som spydspiss i skoleutvikling? )                                                  
Den danske pedagogen Steen Larsen snakker om sammenstøtet mellom PC og skole. "Man kan ikke lage klasseromsundervisning med en computer", hevdar Larsen. "Computeren hører hjemme i laboratoriet. Det samme gjør barna"(Dybvik,Aftenposten 09.11.00)
Eg var ein gong på eit foredrag med  lektor ved Nansen-skolen Inge Eidsvåg. Han snakka om "Dei 10 boda" sine, som ein skulle fylgje for å vere ein god lærar. I foredraget sitt la Inge Eidsvåg vekt på tre hovudpunkt:

* god faglig kompetanse - å kunne faget sitt
* å være ein etusiastisk og engasjert lærer
* å være glad i elevane sine
Han greip meg, og dei fleire hundre i salen. For det er det eg ynskjer å vere, den kloke og omsorgsfulle vaksne, som møter elevane der dei er, leier dei gjennom skulegangen og gir dei alt som gjer dei til "gagns menneske". I artikkelen sin " Skolen og skjermen" i Utdanning 9.10.09 legg han vekt på at "teknologien må ikke bli lærernes herre, men deres tjener". Det er heilt rett det, teknologien er mitt nye reiskap, som skal tjene meg. Eidsvåg stiller spørsmål om bruk av IKT gir meir læring, motivasjon, konsentrasjon og betre miljø. Og kva med arbeidsgleda til læraren?
Eg kan svare med eit døme frå skulekvardagen min denne veka. Eg var vikar i 1.,2. og 3.klasse, ei gruppe elevar som knappast har sett ein PC i klasserommet eller nytta seg av datarommet med det utgåtte utstyret. Den nye iMacen blei plassert framme i klasserommet, og ein elev lurte på om vi ikkje skulle ha time. I norsk-boka til 3.klasse sto spørsmål om elevane kjende til bøker av Astrid Lindgren, og elevane spurde meg. Eg ba dei google det. Tre elevar sat ivrige og las, og skreiv ned namna på eit tjuetals bøker dei kjende til. Dette delte dei med dei andre i klassen. Medan 3.klasse fekk gjennomgått ny lekse, var det 2.klasse som fekk samarbeide om å skrive b-ord i word. Det var kjekt, og lista blei lang! Samtidig øvde 1.klasse på å lage sirkelrunde o-ar med vatn og pensel på tavla.  Ikkje at dette var eit unikt nybrottsarbeid, det var ein uplanlagt vikartime med tre trinn ilag. Men alle jobba konsentrert, alle lærte, og eg gledde meg entusiastisk og engasjert over at det nye verktyet tente meg og elevane.
Om vi ser tilbake på Steen Larsen sin uttale, om at både elevane og det digitale verktyet høyrer heime i laboratoriet, så kjenner eg at det skurrar. Det må vel ikkje vere enten - eller? Eg har trua på ei kombinasjonsløysing, der elevane frå 1.klasse av har ein laptop integrert i pulten sin. Denne vert nytta på lik linje med anna verkty, der og når verktyet høver. Eg trur at eit tilgjengeleg verkty kombinert med ei skuleleiing som legg til rette for ein systematisk, heilskapleg bruk av IKT er avgjerande for å unngå redde og negative lærarar. Endring tek tid, men målretta tid til kompetanseheving fritek læraren einskildansvaret for integreringa av IKT og gir ein skule med det Erstad kallar "nye handlingsrom" ( Erstad,2004:288).


---------------------------------------------------------------------------------------------
Dybvik,Aftenposten 09.11.00, "IKT som spydspiss i skoleutvikling?"


Eidsvåg,Utdanning 9.10.09," Skolen og skjermen"
 
Erstad, 2004, "Piloter for skoleutvikling"

mandag 26. oktober 2009

Definisjonar av digital kompetanse

Søby, Erstad, Krumsvik og Baltzersen definerer omgrepet digital kompetanse. Seier dei det same?
Erstad sin definisjon er kort, han samanfattar alt i dei tre orda; "ferdigheter, kunnskaper og holdninger ved bruk av digitale medier for mestring i det lærende samfunnet (Erstad,2005:12).
Søby (2005) nyttar dei same orda, men legg til " kreativitet". Søby sin definisjon er altomfemnande etter mitt syn, sidan han har med den kreative bruken av ferdigheitene.
Baltzersen (2009) si pyramide er trinnvis og konkret. Det han kallar " digital bearbeidingskompetanse" er nok det som går på "kreativitet".  Den definisjonen som etter mitt syn er mest konkret og retta inn mot læraren som lesar, er Krumsvik sin modell (2007: 72). Men den er meir komplisert å referere.
Svaret må bli at dei seier mykje det same, men har litt ulik vekting på dei ulike bestanddelane i definisjonen sin og det er forskjell på kor konkrete definisjonane er som rettesnor for lærarar.

Her er min lett omskrivne ( etter Søby,2005), forkorta og supplerte definisjon av digital kompetanse:
"Digital kompetanse er ferdigheiter, kunnskap og haldningar som alle treng for å kunne bruke digitale medier kreativt og kritisk, for læring og meistring i kunnskapssamfunnet".

lørdag 24. oktober 2009

Elevane sin mediekultur i undervisninga ?

Eg arbeider på ein liten, fådelt skule. Vi er så få at vi ikkje får lov til å offentleggjere verken kommunale eller nasjonale spørjeundersøkingar. Så eg synest at eg må vere varsam med å skildre min skule og mitt lille kollegium i ein blogg. Eg vel derfor å skrive meir generelt om kva eg meiner kan hindre at elevane sin mediekultur vert trekt inn i undervisninga i dagens skule.

I dag er det krav til mediekompetanse på alle nivå både innanfor utdanning og i arbeidslivet. Det er eit krav i læreplanen, men i følgje UTI Monitor 2009 er det ein seig prosess i praksis. Kva kan praksisfeltet gjere for å implementere digital kompetanse på best mogleg måte?
I følgje Høiland og Wølner ( 2007) må lærarar " ta et skritt i retning av å møte eleven, og ta i bruk ferdigheter, kompetanse og hverdagskunnskaper som eleven allerede innehar". Lærarar må altså sjå på elevane sin eksisterande kompetanse som ei utfordring, og eit høve til å vidareutvikle den til det Søby (2005) definerer som digital kompetanse: " Ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet".

For nokre år sidan gjennomførte eg eit datakurs for 5.-7.klasse. Vi sat på datarommet, også kalla "museet", og ut frå ein manual skulle den urøynde og sjølvoppnevnte IKT-læraren instruere elevane steg for steg i Open office Calk.
Elevane vart raskt ferdige. "Kan vi gjere det vi vil no"?, spurde dei, og det fekk dei lov til, så sant dei ikkje fann på noko tull. Og tullet læraren hadde i tankane var nettsider som "penest.no" og "blink.no", som avisene hadde åtvara om, og som slett ikkje hadde noko med skule å gjere. Elevane kasta seg over maskinene, og med iver og glød viste dei meg nettsider dei besøkte i fritida. Dette var nettsider eg ikkje ante eksisterte, og eg vart overraska over kva elevane kunne og korleis dei orienterte seg i verdsveven.
Dette er fleire år sidan, og sidan då har det vore ei rivande utvikling på nettet. Elevane spelar "Farmville" og held kontakt med bestemor på Facebook. Dei høyrer musikk på YouTube og Itunes, og til og med 1.klassingane finn fram og spelar på t.d. NRK sine interaktive nettsider. Internett er berre eitt av fleire medium som leverer barne- og ungdomskultur, men eg vel å fokusere på det. Dette er kvardagen til elevane, det er her dei vil meistre.

Kva hindrar at lærarane bygg vidare på denne digitale kompetansen barn og unge har frå sin fritidskultur?
Min påstand er at mange lærarar ikkje er klar over kva som er elevane sin mediekultur. Vi veit at dei spelar dataspel og nettspel, og kanskje vi til og med synest det er ein styggedom som tek merksemda vekk frå nyttig lærdom og aktivitet. Eg trur etter mange års erfaring i ulike kollegier at det er det amerikanske mediepedagogiske perspektivet som råder på mange lærarrom. Om vi prioriterer å nytte IKT i undervisninga, så er det for å nytte læreverka sine nettstader og elles til formaningar om varsemd og nettvett.
Dette er nok sikkert provoserande og generaliserande skildra, og kanskje sett på spissen, men tala i UTI Monitor 2009 taler for seg. Og dei viser svært begrensa bruk av t.d. IKT i undervisninga.
Kanskje lærarane burde kartlegge mediebruken til elevane, og bruke resultata som rettesnor når dei planlegg undervisning?
Eg vil avslutte med å sitere Elise Seip Tønnesen frå boka "generasjon.com"(2007: 157):
"De ( elevane) investerer sine følelser, sitt engasjement og sin nysgjerrighet i mediebruken sin. Dette kunne være et fantastisk utgangspunkt for læring. Spørsmålet melder seg av og til om skolen har forstått hva det hele handler om. At det faktisk ikke bare dreier seg om å bytte ut blyant og fyllepenn med mus og tastatur. Det dreier seg ikke bare om nye redskaper til å gjøre det samme som skolen alltid har gjort ".


-------------------------------------------------------------------------------------------------
 
Høiland og Wølner (2007:13): Fra digital ferdighet til kompetanse
ITU, Universitetet i Oslo Tilgjengeleg frå: http:// udir.no/upload/rapporter/ITU_rapport.pdf ( lasta ned 1.10.09)
Seip Tønnesen, Elise (2007: 157): generasjon.com.

Søby ,M (2005) : Digital skole hver dag - om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen.
UTI Monitor 2009 . Skolens digitale tilstand.

Kommentar til Anders sin blogg

Digital foto-oppgåve Det var eit nydelig motiv du har der ; ) Og svart/ kvitt-bildet såg heilt proft ut!! Veldig bra resultat! Så lurt å legge tåke på den voksne (utan å fornærme ; ))! Nærheten i bildet forsvinn ikkje, og effekten av å fokusere berre på hovedmotivet blir veldig bra.

Digital foto


På dette biletet frå ferien i Marbella, i breddeformat, er motivet plassert i midten. Biletet har ei tre-deling i forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn. Avstanden gjer at det vert mindre fokus på personane.
Lyset kjem ovanfrå, og gir skugge på ansikta til personane på biletet. Det er brukt eit kompakt Sony digitalkamera. Fokuset i dette biletet vert for meg horisonten, aktiviteten i sjøkanten blir sekundært.



Her har eg redigert biletet i Picasa. Horisonten er justert, og biletet har fått klarere farger og meir glød.
Det er lett å ta heilt av med redigeringsverktyet! Veldig artig!


Her har eg plassert motivet i høve til tredjedelsregelen. Her prøvde eg eit anna redigeringsprogram, Photoshop, som eg har på prøve i 30 dagar. For her fann eg via søk eit skjema for tredjedelsregelen, som låg som ei skisse utanpå biletet, og eg kunne skjære biletet i høve til det gyldne snitt. Den raude vesten vert blikkfanget i biletet, og leiar blikket til sjåaren. Ved å plassere denne kontrasten i det gyldne snitt, vert det eit meir harmonisk bilete.Eg valde å skjære biletet i blikkretninga/ bevegelseretninga, for å få meir luft der.Eg synset biletet kjem meir til sin rett ved å endre det slik.







Her har eg gjort det same i eit kvadratisk format. Øvst er motivet plassert på midten, nederst er motivet plassert i høve til tredjedelsregelen. No er fokuset mitt heilt klart på personane, og kva som skjer med dei. Dess nærare ein kjem personane, di meir går ein frå å tenke "leik i strandkanten" til å lure på om guten frykta vatnet og ville stikke av frå ein badeglad far : ).


"Some Trains Go Nowhere"






Dette fantastiske biletet fann eg på Flickr.
Det er tatt av John Mueller i Seattle ein dag med dramatiske skyer. Dette gamle toget er 100% i ro, likevel vert det fullt av liv i motivet på grunn av skyene og fargane. Om Mueller ikkje hadde lagt farge på toget hadde skyene fått fullt fokus. Dei sterke fargane gjer dette biletet kontrastfylt og spanande, dei lyser opp den truande stemninga skyene og den mørke skogen gir. Blikket mitt vert retta mot den raude vogna ved første augekast. Himmelen som speglar seg i vindauga. Dette er i tråd med tredjedelsregelen.Dei tre plana i biletet leier også blikket mot hovudmotivet i mellomgrunnen. Det er ingen frostyrrande element i forgrunnen, berre rette linjer som går langs motivet, og forsterkar lengda.
Ein annan kontrast i biletet er det gamle og slitte toget, og dei nesten fluoriserte "moderne" fargane som er nytta i redigeringa. Genialt!




søndag 18. oktober 2009

Gi rom for kompetanseutvikling!

Av Anna Vold

I ITU rapporten ”Digital skole hver dag- om helhetlig utvikling av kompetanse i grunnopplæringen” skrev Søby (2005, s.8) at; ”(…) mange skolers bevissthet og kompetanse er ikke rettet inn på IKT- omstilling, og de digitale skillene (mellom elever) er et faktum”.
Videre definerer han digital kompetanse som; ”ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet” (s.8).

I 2006 kom læreplanen Kunnskapsløftet (L06), med sentrale føringer om å bruke digitale verktøy i alle fag.

I 2009, rapporterer ITU Monitor 2009 om forholdsvis begrenset bruk av digitale læringsressurser blant lærerne i dagens skole. Om vi ser nærmere på oppsummeringen i ITU Monitor 2009, så viser den at det ikke lenger er infrastruktur, men hvordan IKT skal brukes faglig som er en av utfordringene. Og at kompetanseheving av lærere blir fremhevet som svært viktig. ITU Monitor viser også til nylig publiserte tall fra kartleggingen TALIS, der det blir antydet at Norge lider av en svakt utviklet skolekultur og en desto sterkere individuell kultur – både daglig undervisning og lærernes kompetanseheving er primært sett på som et individuelt ansvar.

SITES 2006: ”Visjoner og realiteter – bruk av IKT i den norske skolen” underbygger dette funnet med å rapportere om at ”(…) de norske skolelederne oppfordrer i stor grad lærerne til å øke sin kompetanse i bruk av IKT, men de pålegger i liten grad lærerne å øke kompetansen”. Det blir altså formidlet at Norge har en svakt utviklet skolestruktur, der lærerne i stor grad selv velger om de vil utvikle digital kompetanse eller ei. Og lærerne velger i følge ITU Monitor 2009 å bruke IKT i begrenset omfang, og lære seg digital kompetanse ved å ”prøve og feile”. Denne uformelle læringen kan føre til en mer privatisert bruk av IKT i utdanning (Cuban, 2001), noe som Cuban advarer sterkt mot. Han begrunner det med at viktige områder kan bli neglisjert eller glemt gjennom uorganisert opplæring.

For 2009 har Stortinget bevilget midler til organisert etterutdanning av lærere i grunnopplæringen, viser tall fra Utdanningsdirektoratet. Det er øremerket 170 millioner kroner til etterutdanning i lese- og regneopplæring, bruk av IKT i fagene, elevvurdering og rådgivning (Udir). Hvor stor del av den øremerkede summen som tilfaller kompetanseheving i IKT blant lærerne kommer an på skoleeieres prioriteringer i sine søknader, ofte basert på behovet skolelederne i hver kommune uttrykker.
Om vi da ser tilbake på de nevnte rapporteringene, kan mye tyde på at skoleledere ikke stiller krav til skoleeiere om kompetanseheving i IKT. For det første har vi antydningsvis en svak skolestruktur der bevisstheten og kompetansen ikke er rettet inn på IKT- omstilling. For det andre stiller ikke skolelederne krav til lærerne om å utvikle digital kompetanse, og det skorter derfor på organisert kompetanseheving.
Hva kan være grunnen til at flere tusen skoleledere ikke gjør denne pålagte delen av jobben sin? Og hva kan være grunnen til at flere titalls tusen lærere ikke gjør sin del? Hvorfor blir ikke føringene i læreplanen fulgt opp?
UTI Monitor 2009 konkluderer med at ”(…) for at skolen skal kunne tilrettelegge for læring med IKT, er det nødvendig å gjøre strategiske grep i forhold til kompetanseutvikling, infrastruktur og skolens planverk” (s.16 ). Disse strategiske grepene er ikke konkret definert, og jeg velger derfor å komme med egne og andres tanker knyttet til arbeidet med kompetanseutviklingen:

Planverket:
· Læreplanen (L06) gir lærerne stor frihet til å velge metode. Og lærere endrer ikke frivillig metodene sine dersom undervisningen fungerer. De ser trolig ikke nytten av å innføre digitale verktøy, og derfor prioriterer de ikke å heve kompetansen sin. ”Når noe føles som om det skal ta knekken på det gode arbeidet vi gjør, skjønner vi heller ikke at det skal tas med i undervisningen” (Høiland og Wølner 2007, s.15). ”Utdanningsmyndighetene må derfor konkretisere kompetansemålene og klargjøre hvordan den digitale kompetansen skal utvikles på årstrinn og i fagene” (Søby 2005, s.19). Da vil lærerne få et konkret bilde av hva som kreves av dem, både hva de er pålagt og hva IKT-støttet undervisning innebærer. Innsikt og gode ideer bør føre til at læreren blir mer ”kreativ”, både når det gjelder kompetanseforståelse og praktisk undervisning.
Infrastrukturen:
· Den norske skolen er i verdenstoppen når det gjelder datautstyr og infrastruktur, selv om det riktignok er stor variasjon mellom skoler. Det er bruken av verktøyet det skorter på. Om vi ser på den positive utviklingen i bruk av digitalt verktøy i videregående skole, og ser at skolene samtidig har innført læringsplattform, da er det nærliggende å tenke at grunnskolen burde gjøre det samme. Å innføre en digital læringsplattform, med verktøy for å støtte læringsaktiviteter og administrering av dem. Da vil skoleledere og lærerne bli ”tvunget” til å bruke digitalt verktøy, og med grundig opplæring kan barrierer bli brutt og de digitale ferdighetene på sikt føre til digital kompetanse.

Kompetanseutviklingen:
· ”9 av 10 elever svarer at de har tilgang på utstyr når de har behov, men adskillig færre opplever at det blir brukt i undervisningen” (ITU Monitor 2009, s.6). Prosjektleder Vibeke Kløvstad kommenterte rapporten med: ”Dette er oppsiktsvekkende for elevene – det at IKT ikke brukes systematisk og planmessig, man får ikke god nok tid til å utvikle basisferdigheter” (Eva2.0). Og det samme vil trolig mange lærere også mene, at de ikke får god nok tid til å utvikle basisferdigheter innen IKT. Læreplanen ble av Søby anslått til å være en av verdens mest ambisiøse innen IKT (Eva2.0), og det gjelder nok for læreplanen generelt.

Man kan stille spørsmål til funnene i UTI Monitor 2009 når det gjelder hvorfor lærere føler at prøving og feiling har bidratt til deres kompetanseheving i større grad enn eksterne og interne kurs og kollegaveiledning. (UTI Monitor 2009 s. 25). Jeg tror at svaret er tid. Innenfor dagens rammer har ikke de spesielt interesserte lærerne tid til annet enn prøving og feiling. De uinteresserte prioriterer ikke å prøve.

En lærer i full stilling har begrenset tid til disposisjon etter endt undervisning, for -og etterarbeid samt kontakt med foresatte. I tillegg er det personalmøter, teammøter og skoleutvikling. For mange skoler har utviklingsarbeidet hatt fokus på et annet stort satsningsfelt i læreplanen; vurdering.
Når arbeidet med vurdering nå blir implementert, bør det foreligge sentrale føringer på å prioritere utvikling av digital kompetanse for skoleledere, lærere og elever. Skoleledere må i samarbeid med personalet sette av tid til kompetanseutvikling innenfor bunden tid. Flere skoler har gjennom god organisering og prioritering av IKT- opplæring utviklet en bredere digital kompetanse i personalet. Et eksempel på dette er St. Hallvard videregående skole i Buskerud, som over en toårs -periode har arbeidet med innføring av læringsplattform og digital kompetanseheving i personalet. Jeg vil i stikkordsform liste opp noen av suksess -faktorene deres:
- Individuelt tilpassede opplegg basert på kartlegging
- Avsetting av tid (bunden tid, seniortid).
- Opplæring i små grupper
- Opprettelse av veiledere – personer som kan hjelpe i
daglig arbeid.
- Oppfølging av den enkelte i medarbeidersamtaler.
- Superbrukere sentrale.
- Mulighet til å spørre etter kurset – be om hjelp ved
behov (St. Hallvard vgs)

Avslutningsvis vil jeg sitere Søby (2005 s.9): "(...) skolens digitale hverdag handler om bevilgninger, men like mye om endringer innenfra til en ny tid, en ny mediekultur og en digital hverdag for barn og unge". Og min konklusjon blir at for å heve den digitale kompetansen blant landets lærere må det gis rom i form av tid for organisert kompetanseheving i personalet. Gjennom konkretisering av læreplanen, innføring av digital plattform og med bevisste skoleledere som tør å prioritere, kan man jevne ut de digitale skillene i dagens skole.



Referanseliste:

Cuban, L (2001): Oversold & underused. Computers in the classroom. Cambridge, MA: Harvard University Press. I: ITU MONITOR 2009, skolenes digitale tilstand. Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning. Universitetet i Oslo.

Eva2.0: Tilgjenglig fra:
http://evabra.wordpress.com/2009/08/19/itu-monitor-2009-skolens-digitale-tilstand-en-liveblog/ Lastet ned 15.10.09.

ITU MONITOR 2009, skolenes digitale tilstand. Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning. Universitetet i Oslo.

Kunnskapsløftet, Læreplan for grunnskolen og videregående opplæring 2006 (L06). Oslo, UFD.

SITES 2006: Tilgjengelig fra:
http://udir.no/Rapporter/SITES-2006-Visjoner-og-realiteter--bruk-av-IKT-i-den-norske-skolen/ Lastet ned 15.10.09.

St.Hallvard vgs: Tilgjenglig fra:
http://www.ituarkiv.no/filearchive/sthallvard.pdf
Lastet ned 16.10.09.

Søby, M. (2005): ITU, Digital skole hver dag- om helhetlig utvikling av kompetanse i grunnopplæringen. Tilgjenglig fra:
http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf Lastet ned
01.10.09.

TALIS 2008. Tilgjengelig fra:
http://utdanningsdirektoratet.no/upload/Rapporter/ TALIS2008/TALIS08_sammendrag.pdf Lastet ned 16.10.09.

Udir: Statlig satsing på etter- og videreutdanning 2009. Tilgjenglig fra:
http://udir.no/Artikler/_Skoleutvikling/_Kompetanseutvikling/Statlig-satsing-pa-etter--og-videreutdanning-2009/ Lastet ned 16.10.09.

http://www.ituarkiv.no/filearchive/sthallvard.pdf

onsdag 7. oktober 2009

Kva slags kompetanseomgrep som kjem til uttrykk i læreplanen for engelskfaget.

Kva for eit mediepedagogisk perspektiv seier dei pålagde, sentrale føringane i læreplanen at vi skal ha?
I følge amerikansk mediepedagogisk forskningstradisjon skal vi utvikle elevane sine evner til å vere kritisk medvitne i møte med medier. For å beskytte elevane mot negativ påverknad, må vi i skulen t.d. sette opp konkrete mål for kva dei bør kunne om ulike medium på ulike steg i skuleverket, og halde oss til det.
Vi må ta kontroll over media, så ikkje media tek kontroll over oss. Eller som det står i omtalen av James.W. Potter si bok Media Literacy frå 2008:
"In this media-saturated world, it is critical to approach media influences using critical thought and active participation". Denne tankegangen prega M74 og vidare M87, på tross av at M74 hadde skildra aktiv deltaking som at "elevane lærer seg korleis dei positivt kan dra nytte av den kunnskapen massemedia gjev" ( M74: 33-34).

I britisk og europeisk mediepedagogisk forskningstradisjon er mellom anna David Buckingham oppteken av at ein må ha fokus på barn og unge sin faktiske og kreative bruk av media, og sjå på det som ein viktig del av identitets- og danningsprosessen.
"The school should take a much more proactive role, providing both critical perspectives on media technology and creative opportunities to use it. Media literacy should be seen as a core curriculum entitlement, and an indispensable requirement of modern life".
( D. Buckingham: Schooling The Digital Generation: Popular Culture, The New Media And The Future Of Education, Nov 2005).

Kva så med den nye læreplanen, Kunnskapsløftet, har den eit kritisk eller kreativt mediepedagogisk fokus? Mediekompetanse er ikkje nemnt i verken den generelle delen eller i prinsippa for opplæring i L06.
I læreplanen for engelsk vert den femte grunnleggande ferdigheita, "å kunne bruke digitale verktøy", skildra slik:

"Å kunne bruke digitale verktøy i engelsk gir mulighet for autentisk bruk av språket og åpner for flere læringsarenaer for faget. Engelskspråklig kompetanse er i mange tilfeller en forutsetning for å kunne ta i bruk digitale verktøy. Samtidig kan bruk av digitale verktøy bidra til utvikling av engelsk språkkompetanse. Kildekritikk, opphavsrett og personvern er sentrale områder i digitale sammenhenger som også inngår i engelskfaget".( udir.no)
Kva slags kompetanseomgrep kjem til uttrykk i dei konkrete kompetansemåla i læreplanen for engelskfaget?

Eksempel frå kompetansemål:

- språklæring 2.klasse:       •bruke språket gjennom flere sanser og medier
- kommunikasjon 4.klasse: •bruke digitale verktøy for å finne informasjon og skape tekst
- kommunikasjon 7.klasse: •produsere tekster med sammensatt innhold i digitale medier


Omgrepet "digital kompetanse" eller som lærar i mediedidaktikk, Jens Uwe Korten ( Korten og Svoen 2006: 328),  kallar det, "kreativ digital kompetanse", er fråverande i læreplanen for engelskfaget. Det kan tyde på at det er bruken av verktyet det skal fokuserast på. Kathleen Tyner kallar dette " tool literacies" i boka si " Literacy in a digital world. Teaching and learning in the age of information "(1998).
I følgje Erstad ( 2007:199) blir "(...)det å kunne bruke digitale verktøy lett eit fokus på ferdigheter" meir enn på kompetanse. Noko som minner om det  kritiske amerikanske mediepedagogiske perspektivet. Korten hevdar vidare at "(...)først når dette perspektivet løftes, blir diskursen om digital dannelse relevant og interessant". 
Med andre ord; først når vi får ei konkretisering av måla i læreplanen, og dei definerer digital kompetanse, då kan vi nytte verktya til utvikling av det Søby definerer som "ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdningar som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet (Søby 2005:8).




----------------------------------------------------------------------------

 
D. Buckingham( 2005): Schooling The Digital Generation: Popular Culture, The New Media And The Future Of Education.
 
Erstad, Ola ( 2005): Digital kompetanse i skolen - en innføring. Oslo, universitetsforlaget.
 

Jens Uwe Korten ( 2006):  (Korten og Svoen: 328)

Mønsterplanen for grunnskolen: M74: 33-34


James.W. Potter ( 2008): Media Literacy

Søby, M (2005): Digital skole hver dag - om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo

Kathleen Tyner (1998): Literacy in a digital world. Teaching and learning in the age of information

Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/



tirsdag 6. oktober 2009

Er læraren "flaskehalsen" i forhold til at eleven skal få den digitale kompetansen LK06 krev?

I artikkelen "Læraren er flaskehalsen" datert 19.8.2009 (http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536)  uttaler prosjektleiar for Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU) Monitor, Vibeke Kløvstad;
«Elevene lærer mindre i fagene, og vi risikerer at en stor andel av elevene står uten basisferdigheter i data når de kommer på videregående. Disse elevene får en unødig tøff overgang til videregående, for der skal de bruke datamaskinen i oppgaveløsningen
I ingressen til artikkelen kan vi lese at "Elevene har fått it-utstyr i verdensklasse. Det er lærerne som svikter".
I artikkelen vert det vidare hevda at Kløvstad meinar det er lærarane sin kompetanse og arbeidsmønster, i tillegg til usystematisk skuleleiing, som er dei store flaskehalsane som hindrar It-basert undervisning.

Artikkelen er basert på resultat frå ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand.
Om ein ser nærare på oppsummeringa i ITU Monitor 2009, så viser den at det ikkje lenger er infrastruktur, men korleis IKT skal brukast fagleg som er ei av hovudutfordringane. Og at kompetanseheving av lærarar er svært viktig.
I ein artikkel i UTI Monitor 2009 vert det vist til at lærarane framhever "prøving og feiling" som ei nyttig læringsform for IKT.
Denne uformelle læringa kan føre til ein meir privatisert bruk av IKT i utdanning, vart det skrive i UTI Monitor 2007 ( Cuban,2001; ITU Monitor,2007). Det vart mellom anna advart mot at viktige område kunne bli neglisjert eller gløymt gjennom uorganisert opplæring.
I følge artikkelforfattaren er det dei digitale ferdigheitene Kløvstad fokuserer på, og omtalar.
Begrepet "Digital kompetanse" er ikkje nevnt.

I Søby (2005), ITU , sin rapport "Digital skole hver dag - om helhetlig utvikling av kompetanse i grunnopplæringen" (http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf) har han ein definisjon på begrepet " Digital kompetanse", som femnar om langt meir enn berre ferdigheitene:
" Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet."
I følgje utredninga til Søby  var det i 2005 langt fleire aktørar enn lærarane som hadde ansvar for å følgje opp føringane i læreplanen Kunnskapsløftet (http://www.udir.no/grep).
Søby anbefalte i rapporten  konkrete oppgåver til både Utdanningsdirektoratet, skuleeigarane og skulane.
Mellom anna kom det fram anbefalingar i rapporten ( Søby, (2005) som gjekk konkret på opplæring og tilrettelegging. 
Det vart vist til at:
-Læreplanen sitt manglande opplegg for progresjon og krav til utvikling av den digitale kompetansen relatert til årstrinn og fag, må kompenserast og koblast til kompetansekravet til lærarane. Konkretisering må til. Lærarane må vere trygge på kva det betyr i praksis å vere digitalt kompetente, og korleis progresjonen skal vere. Det må utarbeidast ein guide for skuleleiarar og lærarar som viser gode eksempel på digital kompetanse i fag og på årssteg.

- Digitalt kompetente skuleleiarar er ein føresetnad for å få skuleutvikling som inkluderer den digitale kompetansen. Desse må tilrettelegge for og kreve obligatorisk utvikling av digital kompetanse blant lærarane.

Denne rapporten var frå 2005. Og så viser ITU Monitor sin rapport frå 2009 at " Lærerene fremhever "prøving og feiling" som en nyttig læringsform for IKT" (ITU Monitor 2009).
Då har det etter mitt syn svikta fleire stader, truleg ikkje berre hos læraren som det vart hevda i avisartikkelen.

__________________________________________________________________________

Aftenposten: "Læraren er flaskehalsen" datert 19.8.2009 (http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536)

ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand


Cuban,2001; ITU Monitor,2007

Søby (2005), ITU  (http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf )
 
Kunnskapsløftet (http://www.udir.no/grep).

Korleis motvirke kopiering og plagiering i skulen.

Kva utfordringar står vi overfor i skulen for å hindre kopiering og plagiering av digitale tekstar?
Plagiat høyrest svært alvorleg ut, og det er nok ikkje
 "akademisk bedrageri" (http://no.wikipedia.org/wiki/Plagiat) eleven i 6.klasse har i tankane når han skal vere flink og finne fram til lærestoff på internett, sortere ut det aktuelle og presentere dette. For det rette svaret, det er for eleven det som står i boka, eller på nettet.
Ei noko naiv framstilling av dagens elevar? Nei, ikkje i barneskulen ,vil eg hevde. Sjølv om læraren instruerer:
"Skriv teksten med eigne setningar" , så er ikkje det god nok opplæring for å hindre kopiering og plagiering.
Her må det ei yttarlegare bevisstgjering og opplæring i kjeldebruk til, kanskje allereie frå 5.-6.klasse av, om ein skal førebygge plagiering av digitale tekstar.
Aftenposten publiserte Stig Roland Rask sine "10 tips mot fusk" i artikkelen "Elever fusker med leksene".
Rask sine tips var retta mot læraren, og eg trur han har rett i at det er i skulen denne opplæringa og bevisstgjeringa må foregå.
Rask sine tips om tettare oppfølging av eleven gjennom skriveprosessen, frå oppgåvene vert laga i fellesskap til dei vert presenterte, går rett inn i LK06 sine prinsipp for opplæringa når det gjeld elevmedverknad.




 









_______________________________________________________________________
Kjelder:
Plagiat: http://no.wikipedia.org/wiki/Plagiat (henta 5.10.09)
Stig Roland Rask: "Elever fusker med leksene" http://www.aftenposten.no/jobb/article1329985.ece  (Oppdatert: 23.01.09 kl. 12:12 Publisert: 26.05.06 kl. 00:05) (henta 5.10.09)
Elevmedverknad: http://www.udir.no/Artikler/_Lareplaner/Prinsipp-for-opplaringa-i-Kunnskapsloftet/ (henta 5.10.09)

mandag 5. oktober 2009

Å bruke skulerelaterte lenker frå nettet.

For få år tilbake skulle vi lærarar orientere oss mot kostbar pedagogisk programvare på CD, og desse vart oftast installert lokalt på elevmaskiner. No ligg det eit fruktfat, eller la oss kalle det plantasjer av lærerike lenker ute på nettet, vi kan berre gå inn og forsyne oss! Berre vi veit kvar vi skal finne dette verktyet som skal hjelpe oss og eleven å nå kompetansemåla i LK06.

L.Harboe skriv i http://www.norskboka.no - digitale verktøy i norskfaget (Oslo, universitetsforlaget) om å "hente, vurdere og anvende fagstoff fra digitale kilder i muntlig og skriftlig arbeid". Han anbefaler http://www.bloglines.com/ og Google Reader på http://www.google.com/ . Harboe viser også til gode og oppdaterte lenker på http://www.skolenettet.no/

Skolenettet skriv i hyperteksten sin "Om oss" på nettsida si:

"På Skolenettet finner du de fastsatte læreplanene for Kunnskapsløftet, knyttet til nettressurser. Du får se forslag til lenker og innhold knyttet til kompetansemål og grunnleggende ferdigheter."

På Skolenettet.no finn ein t.d.denne multimediale lenken her: http://www.medietilsynet.no/no/Trygg-bruk/Barn/Charlis-nettips/Kildekritikk/, som nyttar tekst, bilete og lyd for å få fram bodskapen sin.
Her kan ein lærar plukke frå lenkelistene, og nytte verktyet til å skape ei variert undervisning der elevane får ta fleire sansar i bruk.


I år fekk eg ei interessant utfordring; 1.klasse. Heilt nytt for meg som i alle år har operert på dei høgare trinna.Nye elevar, nye læreverk. Og korleis undervise elevar som ikkje kan lese og skrive enda. Læreverka vi nyttar har læringsressursar på nettet.

I matematikk brukar vi Multi , http://www.gyldendal.no/multi/.
Nettoppgåvene følgjer kapitla i grunnbøkene, og har interaktive øvingar der eleven i stor grad må instruerast av lærar. Eleven får rask respons i form av jubelrop på høgtaler ( noko som føreset bruk av headset når fleire er samla). Rask respons er etter mi erfaring motiverande, men jubelrop kan etter mi meining stresse eleven meir enn nødvendig. Ein instruksjon ( helst i begge målformer) eleven kunne lytte til hadde etter mitt syn vore betre for dei som ikkje kan lese enda.

Oppgåvene liknar på spel elevane kanskje har kjennskap til frå fritida. Torstein Salvesen ( IKT-boka 1.0, 2009) meinar at " I dag er de digitale verktøyene elevenes virkelighet, og vi har en gyllen mulighet til å møte dem der de er." Med motiverande, oppdatert og variert innhald i verktykassa kan lærarar gi elevane hjelp til å nå kompetansemåla i LK06. Men det krev ei kritisk vurdering frå læraren si side, så det vert tatt i bruk der det gir meining.

_________________________________________________________________

http://www.norskboka.no - digitale verktøy i norskfaget (Harboe,2007, Oslo, universitetsforlaget)

http://www.bloglines.com/

http://www.google.com

http://www.skolenettet.no/

http://www.medietilsynet.no/no/Trygg-bruk/Barn/Charlis-nettips/Kildekritikk

http://www.gyldendal.no/multi/

Torstein Salvesen ( IKT-boka 1.0, 2009)

søndag 4. oktober 2009

Frivillig oppgave 2: Datavirus

Datavirus er små program som utfører handlingar utan kjent hensikt, eller som øydelegg maskinvare for andre. Mylderet av datavirus og malware vert inndelt i tre typar, gjerne i kombinasjon: Filvirus (som heng seg på filer, t.d.frå Internett), systemvirus ( som spreier seg via fysiske lagringsmedier t.d. CD-ar) og Makrovirus ( som ofte spreier seg gjennom vedlegg til e-post). Den enkelte brukar har ansvar for å beskytte seg mot virus, og for å unngå å spreie det.Kva er risikooppførsel i forhold til datavirus?For å unngå virus må ein ha eit oppdatert antivirusprogram innstallert og aktivt. Det er svært risikabelt å ikkje oppdatere det.Ein skal ikkje laste ukritisk ned frå nettet, eller klikke på lenker ein ikkje veit kvar dei kjem frå.Filvedlegga i e-postar må ikkje åpnast før ein har sett kven som er avsendar og kva emnet er.Ein skal også vere bevisst i bruken av deleprogram, diskettar og heimebrente CD-ar.Til slutt må det nemnast at alle brukarar av ei maskin må vere like opptatt av tryggleiken skal det ha ei hensikt.

Testinnlegg h09

Dette innlegget er kun ein test.

Testinnlegg h09

Dette innlegget er kun ein test.