mandag 23. november 2009

Lydfil i Audacity

Puh! Der var Mappe 3 inne, ti minutt før fristen gikk ut, og det var iskald beregning sjølvsagt...; )
I dette herlege øyeblikket etter å ha trykt på "lever"-knappen kan eg i ro og mak konstatere at arbeidet i Audacity var ei god byrjing på noko. Dette programmet kjem eg til å bruke, også saman med 1.klassen min, sjølv om dei kanskje ikkje kan bruke alle redigeringsmuligheitene så kan eg det. Og dei må jo starte ein stad.
Audacity; Gratis, greitt og givande, dei tre g-ane! Gler meg til å drysse krutongar og Parmesan ein vakker dag ( jfr leksjonstekst om lyd) !

Bruk av rekneark

Før eg tok til på reknearkoppgåva hadde eg nytta rekneark på tradisjonell måte i matematikkundervisninga i grunnskulen. Eg hadde sett opp regnestykke og laga enkle formeloppgåver til elevane. Dei ulike regnearkeksempla i leksjonen, og tankane på forum, ga meg idear til undervisningsopplegg eg kan nytte i undervisninga. Også i andre fag. I oppgåva mi valde eg likevel å halde meg til matematikkfaget. Eg brukar kvart år å vise elevane korleis ein kan finne Pi ved utrekning. Tidlegare har vi brukt penn og papir. Ved å nytte eit førehandslaga excelark, der elevane set inn dei ulike variablane for ei Pi-utrekning, får elevane
lære om konstanten på ein annan og kanskje meir effektiv måte.

søndag 22. november 2009

Nett og vett

Det er med stor interesse eg har lest leksjonen om hensyn. For få år sidan var ikkje dette med publisering av t.d. bilete på nettet ei problemstilling for meg. Ikkje hadde skulen heimeside, og ikkje hadde eg ekshibisjonistiske tenåringar i hus som la ut bilete av seg sjølv og venninna på penest.no. Men så dukka Facebook opp, og der var brått heile familien min publisert, utan at eg hadde blitt spurt. Kjente at det skurra, for eg vil velgje kven som ser meg og mine barn avbilda. Det vil og skal alle foreldre. På min skule har vi innhenta løyve til fotografering av elevane ein gong i året, utan at vi har publisert eit einaste bilete. No er skulen i gang med innføring av Pedit som læringsplattform, så tida er inne for eit foreldremøte der avbilding av elevar vert eitt av fleire tema. Samtykke til publisering må  innhentast skriftleg i etterkant, og lærarane må sjølvsagt ha fått ei grundig innføring i forkant. Den siste tida har vi arbeidd med å bevisstgjere elevane i forhold til dette med å publisere bilete av seg sjølv og kvarandre på internett. Det trengs, for no er barna kanskje meir digitale enn foreldra, samtidig som dei ikkje er modne nok til å tenke konsekvensar.

lørdag 21. november 2009

Kommentar til Erik S sin blogg

Du har nok heilt rett i at mange ikkje veit kva moglegheiter som finnast gratis og lett tilgjengeleg på nettet. Og om dei vert gjort merksame på "fruktfatet" dei kan forsyne seg frå, vil programma kanskje framstå som uoverkomelege. Eg trur også at lærarane ved ein skule må sette seg inn i verktyet ilag, og få ein felles kjennskap til og kunnskap om det i trygge omgivnader. På min skule må vi nytte bunden tid til å trene på ulike verkty om alle skal få den naudsynte kompetansen.Det er ikkje tid til, eller motivasjon for, eksterne kurs for heile personalet dersom dette skal komme i tillegg til alt anna. Og så er det noko med den fellesskapsfølelsen i eit personale; "dette kan vi, og slik gjer vi det på vår skule".

torsdag 19. november 2009

Kommentar til Magnus sin blogg "La det spire og gro".

Artig bilde du har av prosessen, og ei god slutning!

mandag 9. november 2009

Vurderingspraksis i endring.

Min skule samarbeider med dei andre skulane i kommunen i nettverk for å utvikle betre vurderingspraksis. "Vurdering" er satsingsområde i vår felles kompetanseutviklingsplan, og prosessen er i samarbeid med ein høgskule. Denne prosessen har til no ikkje hatt fokus på vurdering av digital kompetanse, men generelt på vurdering av og for læring. På min skule har vi arbeidd med å gjere elevane bevisste på læringsmåla, og vi er under endring av vurderingsformene. T.d. vert læringsmåla presenterte på vekeplanen og på tavla kvar time. Læraren sine tilbake- og framovermeldingar vert notert av eleven på eit skjema. I tillegg har klassen veketest. På bakgrunn av skjemaet og veketesten skriv eleven i loggboka ei vurdering av arbeidet sitt.
Men kvifor skriv ikkje eleven logg i ei digital arbeidmappe? Kvifor vert ikkje den digitale kompetansen vurdert?
Skulen har dei siste åra vore nedleggingstrua, og kommuneøkonomien og situasjonen har ført til at oppgradering av infrastrukturen ikkje har hatt første prioritet. Vi har ikkje hatt digitalt kompetente lærarar eller leiing med digitalt fokus. Men dette er ikkje snakk om ei synkande skute! I haust har alle skulane i kommunen starta innføringa av digital læringsplattform, Pedit, og vi går med krum hals i gang med "Det digitale klasserommet". Skuleeigar satsar, skuleleiar får i desse dagar auka sin digitale kompetanse, og lærarane vert inspirerte. Skulen min endrar seg til å bli meir digitalt kompetent, både på lærar- og elevsida. Utstyret kjem på plass. Denne veka har elevane fått eigne digitale arbeidsmapper. Kva skjer neste veke? Kanskje kan elevane legge fram ein digital portfolio til våren?

søndag 8. november 2009

Digital kompetanse med utgangspunkt i Blooms taksonomimodell.

Bloom sin taksonomimodell ( Bloom, 1956) blir brukt til formulering av læringsutbytte.  Klassifiseringsmodellen er delt i 6 hovedtrinn;
1. Hukommelse, 2.Forståing, 3. Bruk/ Tillemping, 4. Analyse, 5. Syntese og 6. Vurdering.
Taksonomien viser til verb som kan skildre læringsutbyttet på dei ulike nivåa, og ved hjelp av dei kan ein vurdere kompetansegraden til eleven i låg, middels eller høg kompetanse. Til dømes slik:
Låg kompetanse:        Nivå 1-2 Gjengi, forklare, formulere (hukommelse, forståelse)
Middels kompetanse: Nivå 3-4 Anvende, samanlikne,klassifisere (tillempe, analysere)
Høg kompetanse:       Nivå 5-6 Drøfte, vurdere, avgjere, oppsummere(syntese, vurdering)

Kjelle vgs har laga ei oversikt over verb-bruken i sitt arbeid med læreplananalyse, og eg vel å nytte den når eg bryt ned dette kompetansemålet i delmål.

I læreplanen (UDF, 2006) finn ein dette kompetansemålet i faget samfunnsfag, etter 7.trinn:
"Eleven skal kunne velje eit tema, forme spørsmål og kaste lys over dei ved å bruke ulike kjelder".
Verbet "velje" føreset i følge Kjelle(2008) middels kompetanse, og "kaste lys over" føreset høg kompetanse.
"Forme" føreset middels eller høg kompetanse alt etter om ein definerer det som å "konstruere"(middels), eller bruke kunnskapen meir kreativt. Det kreative føreset i nokre tilfelle høg kompetanse.
Om ein skal bryte ned dette kompetansemålet i tre nivå, kan det formulerast slik:

•Låg: Eleven skal kunne velje mellom gitte tema og svare på spørsmål knytta til temaet. Eleven skal vidare kunne påvise informasjon om temaet i ulike trykte og digitale kjelder.

•Middels: Eleven skal kunne velge eit tema, og finne og bruke informasjon fra ulike trykte og digitale kjelder til å konstruere spørsmål om temaet.

•Høg: Eleven skal kunne velje ut eit tema, finne og vurdere informasjon fra ulike trykte og digitale kjelder som vidare kan nyttast til å forme spørsmål og drøfte desse i forhold til temaet.

Når eg har tolka "kaste lys over" i dette kompetansemålet, har eg tenkt vurdering og drøfting av innhald frå ulike trykte og digitale kjelder.
Om eg hadde tenkt presentasjon, kunne ein i stor grad ha differensiert ved å nytte digitale hjelpemiddel.


.............................................................................................................................

UDF(2006) Kunnskapsløftet: Fag og læreplaner for kunnskapsløftet. Undervisnings-og Forskningsdepartementet (internett). Tilgjengeleg frå: http:// www.udir.no/grep (lasta ned 4.11.09)

Kjelle vgs( 2008) Læreplananalyse LK06. Internett. Tilgjengeleg frå: http://www.kjelle.vgs.no/file.php?id=9392  (lasta ned 21.10.09)