onsdag 24. februar 2010

xtranormal

Dette var utruleg artig! Her er filmen:
http://www.xtranormal.com/watch/6165609

Etter å ha nytta Xtranormal ved fleire høve, både for moro og i samband med oppgåver i studiet er det på tide å reflektere litt over bruken av det i skulen. I eine oppgåva vi laga nytta vi Xtranormal i ein dialog om temaet gruppepress, og eg er overtydd om at det er motiverande for elevane å jobbe med eit leikprega program der dei styrer både tale og bevegelsar. At dei må nytte engelsk (evt fransk, tysk, spansk) tale er eit stort pluss. Etter 7.trinn skal elevane i følgje læreplanen for engelskfaget kunne "gi en kort muntlig og skriftlig presentasjon av et emne". Og "bruke digitale verktøy for å finne informasjon og som redskap for å lage tekster."
Om ein tenkjer tverrfagleg undervisning kan ein nytte engelskspråklege verkty innan ei rekke tema, t.d. frå samfunnsfag eller norskfaget. Under samansette tekstar i norskfaget skal elevane etter 4.trinn kunne "lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde". Etter mi meining kan elevar i 4.klasse fint gjere seg nytte av Xtranormal, men det vil kunne dekkje fleire generelle og fagspesifikke mål for elevar på dei høgare trinna i barneskulen.

lørdag 13. februar 2010

Mediedanning og mediepedagogikk

Eit kinesisk ordtak seier: ”Når forandringens vind blåser, bygger noen vindskjerm, mens andre bygger vindmøller" (IKT i utdanning/ digital dannelse). ”Tradisjonelt har medieverden vært assosiert med underholdning, men nå har skolen mulighet til å bruke mediene som læringsarenaer. Dette gir samfunnet, hjemmet og skolen danningsmessige utfordringer på mange områder”(Krumsvik 2007).
Svein Østerud ( Vettenranta, 2007) omtalar dei danningsmessige utfordringane, og peikar på at skulen dei siste tiåra har vore i klemme mellom det han kallar defensiv moralisme og naiv teknologioptimisme. Han viser tilbake til L93 og IT-planen, der massemedia blei inkludert i underhaldningsindustrien, som skulen skulle lære elevane å møte med all mogeleg skepsis. Vidare viser Østerud til Stortingsmelding 30, eit systemskifte som betraktar tileigning av kunnskap som ein meir dynamisk og heilheitleg prosess. Østerud skildrar ”dynamisk danningsprosess” som at menneske aktivt dannar seg sjølv i dialog med sine kulturelle og sosiale omgivnader, ikkje lenger berre basert på nedarva førestellingar og oppsamla kunnskap. Forfattaren hevdar at no dreier det seg om å kunne analysere dei konkrete sosiale praksisane dei unge er involvert i , og hente fram dei ressursane som trengs for å handle kompetent i kvart enkelt tilfelle. Østerud meinar at kvardagserfaringane til elevane, gjennom bruken av digitale media, i liten grad vert trekt inn i undervisninga. Og det må til, om skulen skal kunne ruste barn og unge til deltaking i samfunnsliv og arbeidsliv.
Soilikki Vettenranta (2007) hevdar at ei mediekritisk haldning er ein naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for ein kompetent samfunnsborgar. Elevane treng også tid til refleksjon, stabilitet og høve til å lære empati og ansvar. Dette stiller store krav til skule og foreldre, som med omsorg og fastheit skal beskytte og støtte dei unge og bygge bru mellom populærkulturen og skulekulturen. Skulekulturen som i følgje forfattaren (ibid) er gjennomrasjonalisert, og populærkulturen som er meir emosjonell og bergtakande. Vettenranta hevdar at mediepedagogikken kan minske gapet mellom desse to kulturane, og føresetnaden er at dei mediedidaktiske måla har med seg den filosofiske overbygninga. ” Mediedanningen er ikke frikoblet fra sine samfunnsmessige, kulturelle eller politiske sammenhenger”(ibid).
Om vi ser tilbake på ordtaket som vart sitert innleiande, så kan vi konkludere med at det krevst verkty og innsikt for å bygge både vindmøllene og digital danning, og at skulepolitikken heldigvis har endra (vind)retning. Den har meir fokus på å nytte seg av ressursane media gir, i staden for å verne seg mot dei i form av einsidig kritisk tenkning. Skulen må unngå turbulens i dei unge sinna ved aktivt og målretta å utfordre elevane sine kritisk-analytiske, ekspressive og kreative evner. Og sette elevane i stand til å nå både generelle og spesifikke læringsmål.
Kjelder:
Østerud, S (2007) Krever medieutviklingen en ny dannelsestenkning? S. Vettenranta (red) Mediedanning og mediepedagogikk – fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Oslo, Gyldendal Akademisk
Vettenranta, S. (2007) Mot mediedysleksiens tidsalder? S. Vettenranta (red) Mediedanning og mediepedagogikk – fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Oslo, Gyldendal Akademisk
Krumsvik, R (2007) Skulen og den digitale læringsrevolusjonen. Oslo, Universitetsforlaget.
Andre kjelder:
IKT i utdanning/ Digital dannelse: ( Internett) Tilgjengeleg frå: http://no.wikibooks.org/wiki/IKT_i_utdanning/Digital_dannelse
( Lasta ned 13.2.10)

onsdag 10. februar 2010

Design

I leksjonen om visuell utforming lærte vi om grunnleggande trekk og visuelle verkemiddel når vi skal lage ei nettside.
Korleis skape ei hensiktsmessig nettside som treff den tiltenkte målgruppa? Her er god planlegging av struktur og ein strategi for innhaldet avgjerande. Dette påverkar språket og utforminga. Visuelle verkemiddel som farge, skrift og komposisjon avgjer om innhaldet, og dermed bodskapen, når mottakar.

I leksjonsteksten kom vi inn på dei engelske omgepa "accessability" som tyder tilgjengeligheit, og "usability" som går på kor brukbar nettsida er utfrå føremålet.
Føremålet med studiebloggen min er å få synleggjort innsikt i dei ulike delemna i studia DKL1 og DKL2. Mottakar er lærarane mine, medstudentane og meg sjølv. Vi har felles interesse for digital kompetanse, snakkar same fagspråk og vil same veg. Samtidig som bloggen kan vere av interesse for medstudentar, så gir den meg ei oversikt over kva eg har lært, og dermed grunnlag for vidare refleksjon. Det at bloggen er open for kommentarar gjer den meir brukbar ut frå desse føremåla.

Eg har bevisst vald lys bakgrunn, få skrifttypar, lite forstyrrande og unødvendige element. For andre mottakarar kan bloggen vere kjedeleg og lite inspirerande, for meg er den ryddig. Dette har med oppfattingsevne, men også med smak å gjere. Eg kunne ikkje hatt glitrande og blinkande figurar i arbeidsreiskapet mitt, eller i ei nettside eg ville presentere meg gjennom.

Komposisjonsmessig burde oversikta over innlegga mine komme høgare oppe, for å gjere innhaldet meir tilgjengeleg. Gadgets i form av spørjeundersøkingar var meint å skape meir liv på sida, og gjere den meir interaktiv, men responsen var laber og det er visuelt heller støyande. Eg følgjer alle medstudentane sine bloggar, noko som gir meg fellesskapskjensle og inspirasjon. Det er enda eit moment som taler for at bloggen min er likeså mykje ein arbeidsblogg for meg sjølv som ein presentasjonsblogg.

Radio.com og Radio Nettvett

Gruppa var er etterkvart erfarne Skypebrukarar, etter mange og lange kveldstimar med headset det siste året. Stort sett fungerer lyden bra, og det er supert å kunne diskutere medan vi sender t.d. lenker oss i mellom som vi treng i arbeidet. I samband med arbeidskravsoppgåve 1 i delemnet Lydproduksjon for web "sette vi opp eit Skypestudio", og gjorde opptak via Pamela.
Ein hadde ansvar for opptaket, ein var programleiar, og dei to andre skulle vere med i debatten rundt temaet vi skulle ta føre oss i Podcasten. Debatten ut frå stikkord vi var einige om gjekk vel så bra som opptaket etter manus til arbeidskravsoppgåva.

Lydmannen delte opptaket med oss andre, etter at han hadde redigert det i Audacity. Resultatfila i Mp3-format vart lagt i mappa i Dropbox, og vi delte Dropbox-mappa med kvarandre.
Her er øvingsoppgåva:
https://dl.dropbox.com/u/4409623/Carlos%20rad%20lyd.mp3

Parallelt med Arbeidskravsoppgåva hadde eg IKT-veke med elevane i 5.-7.klasse. Fekk låne dei ei veke og arbeidde med temaet nettvett. Omsider fekk eg høve til å prøve ut ulike verkty frå DKL1 og DKL2-studia, mellom anna laga vi radioprogram om nettvett i Audacity. Oppgåva var ganske fri, dei hadde arbeidd med ulike delemne innan temaet, og fekk vinkle radioprogrammet etter eige ynskje. No kan eg meir om avgrensing av problemstilling og produktmål, og kjem nok til å nytte det i seinare prosjekt. For eg ser at det kan vere vanskeleg å avgrense og halde den raude tråden når oppgåva vert så fri.

Eg viste elevane korleis dei gjorde opptak og redigerte i Audacity. Dei fekk lenker til opphavsklarert musikk dei kunne bruke til jingle og som bakgrunnsmusikk. Elevane arbeidde i grupper på tre, og skreiv manus til radioprogrammet. Dei fire gruppene gjorde opptak i same rom, men kunne flytte til grupperom om det var vanskeleg å konsentrere seg. Ei gruppe valde arbeidsro, dei andre såg ikkje ut til å merke at det var andre i rommet.
Elevane la om til bokmål(!)trass i at der er mange sunnmøringar i NRK ; ) Og med driv og entusiasme produserte dei varierte programinnslag og reklamepauser. Det var artig å sjå kor dei stillaste tødde opp og markerte seg. Mi rolle vart litt rettleiar, men mest tilskodar. No hadde eg rett nok ei lita gruppe, men med svært varierande datakompetanse, og Audacity var ukjent for alle.
Då elevane skulle oppsummere veka, var det fleire som meinte at radio, det var det kjekkaste og mest lærerike. Og når verktyet fall i smak og fungerte, er det berre opp til meg som lærar å finne ut kvar det kan gi undervisninga meirverdi.

Wiki

Øvingsoppgåva for sosial web 2 var å opprette ein wiki som omhandla tre ulike nettsamfunn. Gruppa vår valde Facebook, Twitter og Nettby. Disse sosiale media skal vi (etterkvart) presentere, og vurdere kva funksjonar dei kan ha i undervisninga vår.
Lenke til wiki for gruppe 5: http://internettsamfunn.wikispaces.com