mandag 3. mai 2010
Korleis påverkar den digitale fritidskulturen samhandling?
http://www.nytimes.com/2010/05/02/fashion/02BEST.html
søndag 25. april 2010
Kommentar til andre sine bloggar
God artikkel du har skrive, med artig tilbakeblikk på brevpost-verda vi vaks opp i. Det er heller ikkje lenge sidan amerikanske filmar karaktersette dei såkalla "nerdane" med tjukke briller og "gammalmanns"-kle framfor ei datamaskin. Det var tre karaktertrekk som viste at du var en outsider. No er du outsider om du ikkje har Pcen i næraste sfære. Verste straffa for barn på 12 er ikkje å få husarrest, men å få stengt av nettet. Og for dei litt eldre så er dating via nettet ikkje lengre like lugubert,no heiter det å sende venneforespørsel på Facebook, og utvide sin sosiale arena. Det er interessant å reflektere rundt korleis den teknologiske utviklinga endrar oss og synet på verda. Og endringa er nok mest overveldande for den store tyngda av lærarar i senior-alder. Dei som har vakse opp med kun ein radio. For dei er nok Tønnesen (2007)sine sitat den største utfordringa".
http://meretejos.blogspot.com/2010/04/barn-og-unges-digitale-arena.html
lørdag 24. april 2010
Netvibes som informasjonsnav
I læreplanen LK06 står det i grunnleggande ferdigheiter for samfunnsfag mellom anna at elevane skal kunne: "… søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema" (UFD,2006). Dette stiller i følgje Krumsvik (2009 s. 238) krav til meg som lærar om å legge til rette for fagdidaktisk bruk av IKT. I leksjonane om informasjonskompetanse lærte vi at ved å samle hensiktsmessig informasjon i eit informasjonsnav, kunne vi presentere kvalitetsinnhald som ville gjere søkjeprosessen enklare for elevane. Å lage eit informasjonsnav tek tid og krev ei viss digital kompetanse. Vi skulle nytte 2.0-verktyet Netvibes, som er ein RSS-lesar. RSS står for "Rich Site Summary", eller på norsk; levande bokmerke. Her var det mykje å sette seg inn i og vurdere, både når det gjaldt Netvibes og innhaldet i navet.
Eg begynte på eit privat nav, som ein del av øvingsoppgåva. Men med tidspress og iver etter å gå i gang med M3 er det ikkje presentabelt enda. I informasjonsnavet det er lenke til her, ønskte eg å hjelpe elevane i søkjefasen, og med å utvikle ei kjeldekritisk haldning. Her er lenka til mitt informasjonsnav for samfunnsfag7.steg: http://www.netvibes.com/samfunnsfag7steg#SAMFUNNSFAG
No gler eg meg til eksamen er over. Då skal eg gjere ferdig mitt eige nav, med alt fornuftig og ufornuftig eg har lyst å bruke nettet til når eg berre får tid ; )
Geotagging
Deretter plasserte eg eitt og eitt bilete på rett stad på kartet ved å zoome inn og dra markøren til rett plassering. Grei prosess.
Om de klikkar på skjermkuttet under får de fram nokre motiv frå heimbygda Sykkylven:
Dette kunne vere ein del av "Heimbygda-prosjektet" som elevane har på ungdomsskulen. Då er elevar frå heile bygda samla, og ein kunne sett bygda frå alle vinklar ved hjelp av å geotagge. Dei fleste elevane har tilgang på kamera, og ellers er verktyet gratis, lett tilgjengeleg og brukarvenleg.Kartet kunne vore ein del av ein nettstad, eller ein blogg om heimbygda. Samskriving i ein blogg eller på ein nettstad kunne ført til ei artig og variert framstilling, noko meir enn papirmapper som vert presentert og kanskje pakka vekk. Med lyd, film, bilete og tekst kunne elevane arbeidd aktivt og målretta i fellesskap. Ikkje minst med tanke på samarbeid på tvers av kjønna. Tønnesen ( 2007 s. 152) hevdar at "Mens guttene tiltrekkes av det som krever teknisk kompetanse, hurtighet og målrettethet, fasineres jentene av det som appelerer til det kreative og estetiske, og som utfolder seg over tid, der prosessen er viktigere enn produktet". På bakgrunn av det vil eg tru at gutar og jenter hadde hatt stor nytte av kvarande sine fasinasjonar i ei slik oppgåve.
Kjelder:
Tønnesen, E (2007) Generasjon.com. Oslo, Universitetsforlaget.
torsdag 22. april 2010
Tilpassa opplæring
Det seier prosjektleiar Cornelia Brodahl som er universitetslektor ved Institutt for matematiske fag ved Universitetet i Agder (UiA). I Forskning.no (2009) kan vi lese at PC-bruken fører til at "Elevene skriver mer enn før, og resultatet er mer oversiktelig og ser penere ut. De produserer multimediale tekster, noe som appellerer til flere sanser og læringsstiler og gir en bredere dokumentasjon av deres kunnskaper og ferdigheter".
Ingen av oss likar å gjere oppgåver vi ikkje klarer, og utfordringa som lærar vert dermed å vite kva som eignar seg til dei ulike elevane. Bru-konstruksjonen i leksjonen var ingenting for ei utolmodig sjel som meg, men oppgåva hadde nok redda dagen for andre.
"Digitale verktøy åpner en ny verden for læring, særlig for elever med lese- og skrivevansker", seier dr.philos Rune Krumsvik i eit intervju i Dyslektikeren (1, 2009. Han påpeikar vidare kor viktig læraren si rolle er når det gjeld tilpassa opplæring. "Det er ikke nok at lærere kan bruke en PC rent teknisk. Digital kompetanse er lærerens evne til å bruke IKT faglig med et godt pedagogisk skjønn og samtidig være bevisst på hva dette har å bety for læringsstrategier og utdanning til elevene".
Rådgiver ved Bredtvet kompetansesenter Einar Landmark sin artikkel i Dyslektikenen (1,2009) var svært interessant med tanke på læringsstrategiar. "Prosessorientert skriving (Dysthe 1993) ved hjelp av et tankekartprogram kan være den pedagogiske fremgangsmåten som knytter de ulike (strategi-)programmene sammen. Et tankekartprogram gjør at elevene kan jobbe i faser, en idé-, produksjons- og presentasjonsfase. Tekstrettingen ventes med til slutt". Han viste til at å starte skrivinga med å nytte retteprogrammet kunne verke demotiverande for elevar med skrivevanskar.
På grunn av personvern (eg arbeider på ein skule med 23 elevar, og dette er ein open blogg) vil eg ikkje skrive noko om eigne erfaringar. Men konklusjonen min etter denne leksjonen er at det er godt å få bekrefta at det vi har lært i studiet stemmer med røynda, også og kanskje spesielt når det gjeld tilpassa opplæring.
Kjelder:
Dyslektikeren 1 (2009) [Internett] Tilgjengeleg frå: http://norsknettskole.pedit.no/web/NettskoleRessurs.axd?id=9206ec08-95aa-45e0-9844-e65e70cb1ba6
Forskning.no (2010) [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.forskning.no/artikler/2010/januar/240118
Kommentar til andre sine bloggar:
"Eg er heilt einig med deg om at vi lærarane kan vere gode eksempel i filterbygginga. Og mi erfaring er at vi bygg relasjonar også. Mine elevar syns det er stilig at eg kan slikt dei er interessert i. Brått har vi enda meir å snakke om ; )"
http://anderstei.blogspot.com/2010/04/sosial-web.html
Blogging med klassa
Etter å ha forklart for føresette kva som skulle skje, t.d. at denne bloggen ikkje skulle publiserast, var det greit at elevane fekk nytte sine private mailadresser for registrering. Eg avklarte også med elevane at det var greitt for dei å samskrive slik alle i klassa kunne lese. Det kan jo vere ein bøyg for skrivesvake elevar, elevar med dysleksi etc. I tillegg laga vi køyrereglar for korleis vi skulle skrive, og korleis vi skulle kommentere andre sine innlegg. Alle skulle få tilbakemeldingar, og kun konstruktive og positive ord. Vi kalla bloggen for "samskrivingsblogg", og så begynte moroa.
Eg styrte kva informasjon dei fekk om emnet nettvett denne gongen, deira fokus vart å konsentrere seg om innhaldet og lære seg å blogge på ein god måte. For kvart nettvett-emne vi lærte om, laga eg oppgåver i bloggen som dei skulle svare på. Og dei skreiv og skreiv. Og kommenterte kvarandre sine innlegg. I løpet av veka skreiv dei 12 elevane over hundre innlegg, og tilsvarande med kommentarar. Mykje god skrivetrening, og mykje god læring. Det kom fram då veka nærma seg slutten, og dei skulle evaluere.
Eg er overbevist om at elevane var meir motiverte for læring når dei fekk blogge om emnet. Det høyrer med til historia at elevane fortsette å nytte bloggen etter at veka var over. Når eg til hausten får mi eiga klasse, skal eg nytte blogging for samskriving. Google dokument er fint i nokre samanhengar, men motivasjonen for læring eg opplevde kom nok mykje på grunn av bloggen, deira heimebane.
onsdag 24. februar 2010
xtranormal
http://www.xtranormal.com/watch/6165609
Etter å ha nytta Xtranormal ved fleire høve, både for moro og i samband med oppgåver i studiet er det på tide å reflektere litt over bruken av det i skulen. I eine oppgåva vi laga nytta vi Xtranormal i ein dialog om temaet gruppepress, og eg er overtydd om at det er motiverande for elevane å jobbe med eit leikprega program der dei styrer både tale og bevegelsar. At dei må nytte engelsk (evt fransk, tysk, spansk) tale er eit stort pluss. Etter 7.trinn skal elevane i følgje læreplanen for engelskfaget kunne "gi en kort muntlig og skriftlig presentasjon av et emne". Og "bruke digitale verktøy for å finne informasjon og som redskap for å lage tekster."
Om ein tenkjer tverrfagleg undervisning kan ein nytte engelskspråklege verkty innan ei rekke tema, t.d. frå samfunnsfag eller norskfaget. Under samansette tekstar i norskfaget skal elevane etter 4.trinn kunne "lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde". Etter mi meining kan elevar i 4.klasse fint gjere seg nytte av Xtranormal, men det vil kunne dekkje fleire generelle og fagspesifikke mål for elevar på dei høgare trinna i barneskulen.