Ein film har ofte to partar, ei konflikt. Anslaget kan vere ein bil som kjem køyrande, i neste bilete ser vi ein ball som kjem trillande. Kva skjer? Vi skjønar at desse to bileta ikkje er tilfeldig plassert, og at det kjem til å skje noko som vil skape vanskar. Vi anar ei konflikt allereie i anslaget. I denne filmen eg har laga i Xtranormal er det ikkje ei tydeleg konflikt, men nokon vil oppnå noko. Filmen følgjer ikkje ei klassisk dramaturgisk oppbygging. Den handlar om læraren som motivator. Lærar Feel Good vert intervjua av rektor Moti Vator. I film er det ofte gjennom handling at ein karakter blir ein karakter. I denne filmen skjer ingen verdens ting, læraren må overtyder rektor om at ho er rette dame på rett stad kun ved hjelp av talte ord og eit begrensa kroppsspråk. Kameravinkelen er ikkje brukt bevisst for å skape ei haldning hos sjåaren, her er dei på likefot. Særs viktige formuleringar i manuset vert lagt vekt på ved bruk av nære og ultranære biletutsnitt. Eg har ikkje laga manus i Celtx denne gongen. Prøvde det i arbeidet med A2, og det fungerte fint. Filmen i seg sjølv kunne vore nytta som storyboard. No gjenstår det å sjå om lærar Feel Good får jobb:
فوائد شرب الرجل منيه / سحر المني من أخطر أنواع السحر source:
for 4 år siden