fredag 30. april 2010

Videoproduksjon

Ein film har ofte to partar, ei konflikt. Anslaget kan vere ein bil som kjem køyrande, i neste bilete ser vi ein ball som kjem trillande. Kva skjer? Vi skjønar at desse to bileta ikkje er tilfeldig plassert, og at det kjem til å skje noko som vil skape vanskar. Vi anar ei konflikt allereie i anslaget. I denne filmen eg har laga i Xtranormal er det ikkje ei tydeleg konflikt, men nokon vil oppnå noko. Filmen følgjer ikkje ei klassisk dramaturgisk oppbygging. Den handlar om læraren som motivator. Lærar Feel Good vert intervjua av rektor Moti Vator. I film er det ofte gjennom handling at ein karakter blir ein karakter. I denne filmen skjer ingen verdens ting, læraren må overtyder rektor om at ho er rette dame på rett stad kun ved hjelp av talte ord og eit begrensa kroppsspråk. Kameravinkelen er ikkje brukt bevisst for å skape ei haldning hos sjåaren, her er dei på likefot. Særs viktige formuleringar i manuset vert lagt vekt på ved bruk av nære og ultranære biletutsnitt. Eg har ikkje laga manus i Celtx denne gongen. Prøvde det i arbeidet med A2, og det fungerte fint. Filmen i seg sjølv kunne vore nytta som storyboard. No gjenstår det å sjå om lærar Feel Good får jobb:

søndag 25. april 2010

Kommentar til andre sine bloggar

Her har eg kommentert Ingebjørg sitt innlegg " Dannelse i vår tid":

Hei Ingebjørg! Etter å ha gått gjennom dei ulike foruma ser eg at du har vore til hjelp for mange, også meg då nokre på gruppa vår diskuterte mål og hensikt i avisoppgåva. Så aller først vil eg takke for at du har vore ein god klassekamerat ; ) Så over til det gode innlegget ditt her: Eg deler den hovudrystande undringa over korleis mange framstiller seg sjølv i det (halv-)offentlege rom. Å skulle handsame digitale arenaer krev kritisk medvit, og nokre skulle vore beskytta mot seg sjølv. Det er desverre ikkje så rart om 10-åringen bannar når faren gjer det same på veggen på Facebook. Alle må vere medvitne om korleis dei vil bli sett og vurdert. Etter ei tid på Facebook har eg skjønt kva som skal til for å vere vellukka mellom mine jamnaldringar. Då skal ein helst ha baka, vaska huset og tatt ein treningstur på næraste topp. Men takk og pris får ein vel seie, at menneske har eit ynskje om å framstille seg på ein positiv måte. Ein ser nok av døme på det motsette. Her har vi ein viktig jobb å gjere både heime og på skulen. PS! Det er ikkje eg som har lagt ut bilete av kakene mine på Facebook-sida mi! ; )

http://ingebjrgl.blogspot.com/2010/01/dannelse-i-var-tid.html

Kommentar til andre sine bloggar

Eg har kommentert Merete sitt innlegg om barn og unge sin digitale arena:

God artikkel du har skrive, med artig tilbakeblikk på brevpost-verda vi vaks opp i. Det er heller ikkje lenge sidan amerikanske filmar karaktersette dei såkalla "nerdane" med tjukke briller og "gammalmanns"-kle framfor ei datamaskin. Det var tre karaktertrekk som viste at du var en outsider. No er du outsider om du ikkje har Pcen i næraste sfære. Verste straffa for barn på 12 er ikkje å få husarrest, men å få stengt av nettet. Og for dei litt eldre så er dating via nettet ikkje lengre like lugubert,no heiter det å sende venneforespørsel på Facebook, og utvide sin sosiale arena. Det er interessant å reflektere rundt korleis den teknologiske utviklinga endrar oss og synet på verda. Og endringa er nok mest overveldande for den store tyngda av lærarar i senior-alder. Dei som har vakse opp med kun ein radio. For dei er nok Tønnesen (2007)sine sitat den største utfordringa".

http://meretejos.blogspot.com/2010/04/barn-og-unges-digitale-arena.html

lørdag 24. april 2010

Netvibes som informasjonsnav

Netvibes - informasjonsnav - RSS... aldri høyrt om det før desse leksjonane. Har sett dei oransje symbola, men tenkt at det var noko eg aldri kom til å skulle forhalde meg til. Men slik har det vore med mykje siste året, mange vekkjarar og mykje matnyttig og begeistrande. Slikt som netvibes som informsjonsnav for å hjelpe elevane til å søke hensiktsmessig på Internett.

I læreplanen LK06 står det i grunnleggande ferdigheiter for samfunnsfag mellom anna at elevane skal kunne: "… søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema" (UFD,2006). Dette stiller i følgje Krumsvik (2009 s. 238) krav til meg som lærar om å legge til rette for fagdidaktisk bruk av IKT. I leksjonane om informasjonskompetanse lærte vi at ved å samle hensiktsmessig informasjon i eit informasjonsnav, kunne vi presentere kvalitetsinnhald som ville gjere søkjeprosessen enklare for elevane. Å lage eit informasjonsnav tek tid og krev ei viss digital kompetanse. Vi skulle nytte 2.0-verktyet Netvibes, som er ein RSS-lesar. RSS står for "Rich Site Summary", eller på norsk; levande bokmerke. Her var det mykje å sette seg inn i og vurdere, både når det gjaldt Netvibes og innhaldet i navet.

Eg begynte på eit privat nav, som ein del av øvingsoppgåva. Men med tidspress og iver etter å gå i gang med M3 er det ikkje presentabelt enda. I informasjonsnavet det er lenke til her, ønskte eg å hjelpe elevane i søkjefasen, og med å utvikle ei kjeldekritisk haldning. Her er lenka til mitt informasjonsnav for samfunnsfag7.steg: http://www.netvibes.com/samfunnsfag7steg#SAMFUNNSFAG
No gler eg meg til eksamen er over. Då skal eg gjere ferdig mitt eige nav, med alt fornuftig og ufornuftig eg har lyst å bruke nettet til når eg berre får tid ; )

Geotagging

I emnet "digital arena" har eg prøvd meg på Geotagging, eller geografisk biletplassering som det heiter på norsk. Bileta hadde eg lagt inn i Picasa, og etter å ha redigert dei litt, lasta eg dei opp i ei offentleg mappe i Picasa nettalbum.
Deretter plasserte eg eitt og eitt bilete på rett stad på kartet ved å zoome inn og dra markøren til rett plassering. Grei prosess.
Om de klikkar på skjermkuttet under får de fram nokre motiv frå heimbygda Sykkylven:

Dette kunne vere ein del av "Heimbygda-prosjektet" som elevane har på ungdomsskulen. Då er elevar frå heile bygda samla, og ein kunne sett bygda frå alle vinklar ved hjelp av å geotagge. Dei fleste elevane har tilgang på kamera, og ellers er verktyet gratis, lett tilgjengeleg og brukarvenleg.

Kartet kunne vore ein del av ein nettstad, eller ein blogg om heimbygda. Samskriving i ein blogg eller på ein nettstad kunne ført til ei artig og variert framstilling, noko meir enn papirmapper som vert presentert og kanskje pakka vekk. Med lyd, film, bilete og tekst kunne elevane arbeidd aktivt og målretta i fellesskap. Ikkje minst med tanke på samarbeid på tvers av kjønna. Tønnesen ( 2007 s. 152) hevdar at "Mens guttene tiltrekkes av det som krever teknisk kompetanse, hurtighet og målrettethet, fasineres jentene av det som appelerer til det kreative og estetiske, og som utfolder seg over tid, der prosessen er viktigere enn produktet". På bakgrunn av det vil eg tru at gutar og jenter hadde hatt stor nytte av kvarande sine fasinasjonar i ei slik oppgåve.


Kjelder:

Tønnesen, E (2007) Generasjon.com. Oslo, Universitetsforlaget.

torsdag 22. april 2010

Tilpassa opplæring

"Elevene er mer motiverte for skolearbeid når de kan bruke PC. De opplever høyere grad av mestring og ser nytten av datamaskinen i læringsarbeidet".

Det seier prosjektleiar Cornelia Brodahl som er universitetslektor ved Institutt for matematiske fag ved Universitetet i Agder (UiA). I Forskning.no (2009) kan vi lese at PC-bruken fører til at "Elevene skriver mer enn før, og resultatet er mer oversiktelig og ser penere ut. De produserer multimediale tekster, noe som appellerer til flere sanser og læringsstiler og gir en bredere dokumentasjon av deres kunnskaper og ferdigheter".
Ingen av oss likar å gjere oppgåver vi ikkje klarer, og utfordringa som lærar vert dermed å vite kva som eignar seg til dei ulike elevane. Bru-konstruksjonen i leksjonen var ingenting for ei utolmodig sjel som meg, men oppgåva hadde nok redda dagen for andre.
"Digitale verktøy åpner en ny verden for læring, særlig for elever med lese- og skrivevansker", seier dr.philos Rune Krumsvik i eit intervju i Dyslektikeren (1, 2009. Han påpeikar vidare kor viktig læraren si rolle er når det gjeld tilpassa opplæring. "Det er ikke nok at lærere kan bruke en PC rent teknisk. Digital kompetanse er lærerens evne til å bruke IKT faglig med et godt pedagogisk skjønn og samtidig være bevisst på hva dette har å bety for læringsstrategier og utdanning til elevene".
Rådgiver ved Bredtvet kompetansesenter Einar Landmark sin artikkel i Dyslektikenen (1,2009) var svært interessant med tanke på læringsstrategiar. "Prosessorientert skriving (Dysthe 1993) ved hjelp av et tankekartprogram kan være den pedagogiske fremgangsmåten som knytter de ulike (strategi-)programmene sammen. Et tankekartprogram gjør at elevene kan jobbe i faser, en idé-, produksjons- og presentasjonsfase. Tekstrettingen ventes med til slutt". Han viste til at å starte skrivinga med å nytte retteprogrammet kunne verke demotiverande for elevar med skrivevanskar.
På grunn av personvern (eg arbeider på ein skule med 23 elevar, og dette er ein open blogg) vil eg ikkje skrive noko om eigne erfaringar. Men konklusjonen min etter denne leksjonen er at det er godt å få bekrefta at det vi har lært i studiet stemmer med røynda, også og kanskje spesielt når det gjeld tilpassa opplæring.


Kjelder:
Dyslektikeren 1 (2009) [Internett] Tilgjengeleg frå: http://norsknettskole.pedit.no/web/NettskoleRessurs.axd?id=9206ec08-95aa-45e0-9844-e65e70cb1ba6

Forskning.no (2010) [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.forskning.no/artikler/2010/januar/240118

Kommentar til andre sine bloggar:

Eg har kommentert Anders sitt blogginnlegg om sosial web:
"Eg er heilt einig med deg om at vi lærarane kan vere gode eksempel i filterbygginga. Og mi erfaring er at vi bygg relasjonar også. Mine elevar syns det er stilig at eg kan slikt dei er interessert i. Brått har vi enda meir å snakke om ; )"

http://anderstei.blogspot.com/2010/04/sosial-web.html

Blogging med klassa

Tidlegare i vår fekk eg låne 5.-7.klassa ved skulen vår, og temaet for veka var digital danning med fokus på nettvett. Korleis gripe an emnet utan å vere tantete og belærande? Eg valde å nytte elevane sin eigen sosiale arena, og laga ein klasseblogg. Trur elevane vart positiv overraska over vinklinga undervisninga fekk, dei hadde nok venta, eller rettare sagt frykta, ei messing om kva dei ikkje måtte finne på å gjere på det store farlege nettet. Og det fekk dei vite, men i ei anna form.
Etter å ha forklart for føresette kva som skulle skje, t.d. at denne bloggen ikkje skulle publiserast, var det greit at elevane fekk nytte sine private mailadresser for registrering. Eg avklarte også med elevane at det var greitt for dei å samskrive slik alle i klassa kunne lese. Det kan jo vere ein bøyg for skrivesvake elevar, elevar med dysleksi etc. I tillegg laga vi køyrereglar for korleis vi skulle skrive, og korleis vi skulle kommentere andre sine innlegg. Alle skulle få tilbakemeldingar, og kun konstruktive og positive ord. Vi kalla bloggen for "samskrivingsblogg", og så begynte moroa.
Eg styrte kva informasjon dei fekk om emnet nettvett denne gongen, deira fokus vart å konsentrere seg om innhaldet og lære seg å blogge på ein god måte. For kvart nettvett-emne vi lærte om, laga eg oppgåver i bloggen som dei skulle svare på. Og dei skreiv og skreiv. Og kommenterte kvarandre sine innlegg. I løpet av veka skreiv dei 12 elevane over hundre innlegg, og tilsvarande med kommentarar. Mykje god skrivetrening, og mykje god læring. Det kom fram då veka nærma seg slutten, og dei skulle evaluere.
Eg er overbevist om at elevane var meir motiverte for læring når dei fekk blogge om emnet. Det høyrer med til historia at elevane fortsette å nytte bloggen etter at veka var over. Når eg til hausten får mi eiga klasse, skal eg nytte blogging for samskriving. Google dokument er fint i nokre samanhengar, men motivasjonen for læring eg opplevde kom nok mykje på grunn av bloggen, deira heimebane.

søndag 11. april 2010

Nyheitsartikkel vs Feature

Nyheitsartikkel:
Artikkelen er henta frå vg.no den 11.4.2010. I overskrifta "Sauebønder truer med å skyte Bamse" ligg ei tilbakevendande konflikt, som dei fleste lesarane kanskje allereie har tatt part i. Det har i dette tilfellet den ikkje heilt objektive journalisten også, sidan han omtalar dyrearten bjørn med kjelenamnet Bamse. I ingressen kan vi lese "Sauebønder i Hedmark, Oppland og Sør-Trøndelag frykter en blodig beitesommer, og truer med ulovlig bjørnejakt". Vi får altså vite kven som truar, kvar, kvifor, når og med kva konsekvens.

Ei nyheit treng ikkje vere noko som har skjedd, men noko som kan/skal skje som i dette tilfellet. Om vi ser på Øystein Sande sine nyheitskriterier, så tydar det på at dette er ein nyheitsartikkel. Saka har aktualitet, og den handlar om ei konflikt, "rovdyrstriden", som allereie er etablert som sak frå tidlegare år. Temaet har aktualitet for mange, både fordi dette gjeld eit geografisk stort område, og fordi dei aller fleste har eit forhold til dyr. Anten det er Bamse eller små søte lam dei kjenner seg mest knytt til. Nyheita har konsonans sidan den er i tråd med tidlegare utspel i rovdyrstriden. Dette er altså ingen sensasjon, men oppfyller nok kriterier til å ha nyheitsverdi. Den kortfatta artikkelen er bygd opp etter den omvendte pyramiden, der den viktigaste informasjonen kjem først.

Featureartikkel:
Artikkelen frå Dagbladet.no sitt Magasinet med overskrifta " Svarte- Per", handlar om forskar Jørgen Lorentzen. Etter å ha delteke i programmet "Hjernevask" har han i følgje ingressen gått frå å vere ein respektert forskar til å bli ein riksdust. Biletet viser ein nedsunken Lorentzen i kontorstolen, der han i biletteksten vert omtalt som miljøvenleg. Under portrettbiletet står det at han er sverta og har gått på ein smell. I denne artikkelen er det bileta som set scena og viser stemninga. Journalisten skildrar Lorentzen sitt kjensleliv, tankane hans om natta og opplevingane etter det omdiskuterte TV-programmet. Journalistet kjem tett på, vurderer, analyserer, gir eit inngåande bilete av intervjuobjektet.

Artikkelen er skriven som ein samtale mellom journalisten og forskaren, med nærgåande og svært personlege spørsmål. Saka minner om ein featureartikkel, men kan den kallast tidlaus? Den er relatert til ei hending, men historia den fortel er alltid aktuell; mediemakt og medieslakt. Artikkelen fortel ei historie og appelerer til lesaren sine kjensler. Den er det amerikanske medieforskarar kallar "soft news", den omhandlar sosiale spørsmål og mjuke verdiar knytt til mennesket.

torsdag 8. april 2010

Informasjonskompetanse 1

Universitetsbiblioteket i Oslo sin definisjon på informasjonskompetanse er: "Evnen til å finne og behandle informasjon ut fra eksisterande individuell viten". I læreplanen LK06 vert det forventa at elevane skal utvikle denne evna. I læreplanen for samfunnsfag står det at
"å kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å gjere berekningar, søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema"(UFD,2006).

Når det gjeld det å søke seg fram til og finne eigna informasjon så er vi langt frå kompetente nok i skulen. Å utvikle informasjonskompetanse er omfattande og krevjande, men heilt sikkert eit arbeid det er verdt og nødvendig å investere tid i. Sjølv har eg "slept laus" elevar på Internett på jakt etter informasjon om eit emne, og læringsutbyttet etter bortimot klipp og lim har vore nedslåande.
Spørsmålet vert då korleis ein som lærar kan organisere læringsprosessane, slik ein unngår at elevane vert reproduserande og i liten grad reflekterande.

Birgitte Kleivset ved Universitetet i Agder deler informasjonskompetanse i; søkje, vurdere og bruke.

SØKJE:
Ho oppmodar studentane om å starte med motivasjonen for å leite etter informasjon, og deretter ein brainstorming for å kome fram til aktuelle søkeord. Gjerne synonym eller faguttrykk. Google vert anbefalt som søkemotor, i tillegg til leksikon som Wikipedia. Ho påpeikar viktigheita med å kryss-søke, og bruke ulike kjelder for å samanlikne innhaldet. I tillegg omtalar ho søkekatalogar som Kvasir og Yahoo, aviser og tidsskrift.

VURDERE:
For å evaluere kvaliteten på og velje ut hensiktsmessig informasjon nyttar ho spørjeord.
- Kven er opphavet til informasjonen? Er den eigna?
- Korleis er informasjonen framstilt? Passar den nivået til brukaren?
- Kvifor er dette skrive? Baktanke?
- Når er det skrive? Er kjelda oppdatert?

BRUKE:
Her viser Kleivset til Åndsverkslova og kravet om å henvise til kjelder.

Trass i at denne metoden er tilpassa studentar, har mykje av det Kleivset nemner overføringsverdi til grunnskulen i arbeidet med å skape effektive søkestrategiar for kvalitetssikra informasjon i relevante kjelder. Men er dette tilstrekkeleg?

Tord Høivik( 2008) skriv om å guide elevane og tilrettelegge læringsressursar, og påpeikar at måten elevane nærmar seg informasjonen på er avgjerande for læring. Han hevdar at for å finne kvalitetssikra kjelder må ein:

- velge vevstader av høg kvalitet når ein søkjer på eiga hand
- søke kvalitetssikra inngangar til veven
- bruke ressursar innanfor ein kvalitetssikra læringsarena
- bruke eit skule- eller folkebibliotek - om nødvendig med personleg rettleiing

I det vidare arbeidet mitt skal eg ta i bruk web 2.0-verktyet Netvibes som informasjonsnav. Dette skal eg gjere for å styrke informasjonskompetansen både hos elevane og meg sjølv. Eg kjenner på meg at det kan bli svært interessant!

Mindomo tankekart om film

For ei overfylt og visuell hjerne er dette reine SPA-opplevinga. Ut frå leksjonstekstane om videoproduksjon laga eg dette tankekartet i Mondomo:
http://mindomo.com/view.htm?m=a41b81add0c34c0d8e1a7330d6bc718a

Problemstilling for eit medieprodukt

I delemnet prosjekt og produkt skulle vi få kjennskap til prosjektarbeid som arbeids- og læringsmetode. Vi skulle lære å arbeide eksemplarisk med tidsavgrensa, resultatretta, samarbeidsbaserte engangsarbeid. Som nevnt i leksjonsteksten har oftast lærarar ein gjennomtenkt og uttalt baktanke med eit prosjektarbeid. Samtidig ynskjer vi elevar som er engasjerte, sjølvdrivne, bevisste og målretta. Ved å arbeide systematisk med konkretisering av problemstilling ut frå undervisninga sitt fokus, kan ein både auke motivasjonen og måloppnåinga hos elevane.

Døme på konkretisering av problemstilling:
Tema: Digital danning
Kompetansemål: Samfunnsfag, etter 7.trinn: "(...) utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett (...) Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbasert kommunikasjon."

Avgrensing av tema: Korleis auke medvitet rundt digital danning?
Avgrensing av problemstilling: Korleis auke medvitet rundt kva digitale spor elevane etterlet seg på Internett?
Betre avgrensa problemstilling: Korleis kan vi ved hjelp av ein video auke medvitet til elevane når det gjeld kva dei etterlet seg på Internett"
Avgrensa problemstilling: Gjennom å produsere ein video med ulike verkemiddel, korleis kan vi auke medvitet til elevar i 5.-7.klasse når det gjeld det å legge ut bilete på Internett?