Viser innlegg med etiketten sosial web 1. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sosial web 1. Vis alle innlegg

torsdag 22. april 2010

Blogging med klassa

Tidlegare i vår fekk eg låne 5.-7.klassa ved skulen vår, og temaet for veka var digital danning med fokus på nettvett. Korleis gripe an emnet utan å vere tantete og belærande? Eg valde å nytte elevane sin eigen sosiale arena, og laga ein klasseblogg. Trur elevane vart positiv overraska over vinklinga undervisninga fekk, dei hadde nok venta, eller rettare sagt frykta, ei messing om kva dei ikkje måtte finne på å gjere på det store farlege nettet. Og det fekk dei vite, men i ei anna form.
Etter å ha forklart for føresette kva som skulle skje, t.d. at denne bloggen ikkje skulle publiserast, var det greit at elevane fekk nytte sine private mailadresser for registrering. Eg avklarte også med elevane at det var greitt for dei å samskrive slik alle i klassa kunne lese. Det kan jo vere ein bøyg for skrivesvake elevar, elevar med dysleksi etc. I tillegg laga vi køyrereglar for korleis vi skulle skrive, og korleis vi skulle kommentere andre sine innlegg. Alle skulle få tilbakemeldingar, og kun konstruktive og positive ord. Vi kalla bloggen for "samskrivingsblogg", og så begynte moroa.
Eg styrte kva informasjon dei fekk om emnet nettvett denne gongen, deira fokus vart å konsentrere seg om innhaldet og lære seg å blogge på ein god måte. For kvart nettvett-emne vi lærte om, laga eg oppgåver i bloggen som dei skulle svare på. Og dei skreiv og skreiv. Og kommenterte kvarandre sine innlegg. I løpet av veka skreiv dei 12 elevane over hundre innlegg, og tilsvarande med kommentarar. Mykje god skrivetrening, og mykje god læring. Det kom fram då veka nærma seg slutten, og dei skulle evaluere.
Eg er overbevist om at elevane var meir motiverte for læring når dei fekk blogge om emnet. Det høyrer med til historia at elevane fortsette å nytte bloggen etter at veka var over. Når eg til hausten får mi eiga klasse, skal eg nytte blogging for samskriving. Google dokument er fint i nokre samanhengar, men motivasjonen for læring eg opplevde kom nok mykje på grunn av bloggen, deira heimebane.

mandag 25. januar 2010

Sosial web 1

Kan vi nytte ulike nettsamfunn i vår pedagogiske verksemd? Mi erfaring med nettsamfunn brukt i undervisninga begrensar seg til små filmsnuttar henta på Youtube, for å kvikke opp eit tema og skape variasjon. Om eg hadde hatt mi eiga klasse, hadde eg nok nytta Youtube som utangspunkt for tema, som instruksjon, - her trur eg det kun er fantasien og ein viss porsjon nettvett som set grenser for bruken. Å nytte andre nettsamfunn har ikkje komme føre meg, så her blir det å starte heilt frå 0. I haust fekk dei eldste elevane ved skulen vise læraren sin korleis dei nytta Nettby.no. Med stor entusiasme viste innbyggarane i byen fram sidene sine via storskjerm, og læraren fekk kjennskap til ein by vi andre i personalet ikkje visste eksisterte. Eg melde meg inn i nettby sist veke, forklarte for elevane at eg hadde flytta inn i samband med studiet og at eg gjerne ville vere venn. Dei syntest det var stas, og innlemma meg raust i venneflokken. Allereie første kvelden fekk eg tilbod frå to framande karar som ville vere meir enn venn. Direkte og utan blygsel, dei var jo anonyme. Då eg avslo, fekk eg beskjed om at dette var ein sjekkeplass, og at eg burde nytte høvet til å finne ein elskar. Møtet med Nettby gjorde meg skuffa og uroa for elevane, og eg må motivere meg kraftig for å tenke ut korleis ein kan nytte dette nettsamfunnet til anna enn å arbeide med digital danning. Før eg slaktar det mest populære nettsamfunnet overfor elevane, må eg sette meg meir inn i det. For å kunne nytte nettsamfunnet til pedagogisk verksemd hadde i tilfelle vore ein unik sjanse til å møte elevane på eigen arena.
Facebook.no har eg vore medlem eit par år. I utgangspunktet for å halde kontakt med gamle elevar på anna kant av landet. Etterkvart har tidlegare studievenner tatt kontakt, og eg held kontakt med familie og venner. Sosialt og oppdaterande, og brukt med varsemd kan ein unngå ubehag. På Facebook kan ein velje sine venner, og i kor stor grad dei skal bli innlemma i livet, barna, brødbakinga og selskapligheitene. Ein vel sjølv korleis ein vil framstå. På Facebook kan ein melde seg inn i grupper, gi si støtte i samfunnsmessige spørsmål og på den måten vert nettsamfunnet ein arena for samfunnsdeltaking. Når spørsmålet om den skjemmande kraftlina kjem inn i stova via nettet, vil fleire orientere seg, jamfør Obama si presidentkampanje. Om Facebook kan nyttast i pedagogisk verksemd? Då lyt eg få nokre tips frå dykk andre, foreløbig tenkjer eg at der fins andre enklare, sikrare(?)og like populære verkty å skape god undervisning ut frå, til dømes Blogger.com.
Det tredje og obligatoriske nettsamfunnet eg er medlem av, Del og bruk. no, skildrar seg slik: Et nettverk for lærere, pedagoger, forskere, byråkrater, bibliotekarer og andre med interesse for sosial web, IKT og skole. Del, øk og bruk din digitale kompetanse. Sammen er vi smartere! Som nytt medlem i nettsamfunnet har eg så vidt begynt å orientere meg. Fann ein super film om nettvett som eg skal bruke, og er spent på i kor stor grad eg kjem til å dele. Det vil eg nok med tid og erfaring. Her var det trygt å vere!; )