fredag 30. april 2010

Videoproduksjon

Ein film har ofte to partar, ei konflikt. Anslaget kan vere ein bil som kjem køyrande, i neste bilete ser vi ein ball som kjem trillande. Kva skjer? Vi skjønar at desse to bileta ikkje er tilfeldig plassert, og at det kjem til å skje noko som vil skape vanskar. Vi anar ei konflikt allereie i anslaget. I denne filmen eg har laga i Xtranormal er det ikkje ei tydeleg konflikt, men nokon vil oppnå noko. Filmen følgjer ikkje ei klassisk dramaturgisk oppbygging. Den handlar om læraren som motivator. Lærar Feel Good vert intervjua av rektor Moti Vator. I film er det ofte gjennom handling at ein karakter blir ein karakter. I denne filmen skjer ingen verdens ting, læraren må overtyder rektor om at ho er rette dame på rett stad kun ved hjelp av talte ord og eit begrensa kroppsspråk. Kameravinkelen er ikkje brukt bevisst for å skape ei haldning hos sjåaren, her er dei på likefot. Særs viktige formuleringar i manuset vert lagt vekt på ved bruk av nære og ultranære biletutsnitt. Eg har ikkje laga manus i Celtx denne gongen. Prøvde det i arbeidet med A2, og det fungerte fint. Filmen i seg sjølv kunne vore nytta som storyboard. No gjenstår det å sjå om lærar Feel Good får jobb:

2 kommentarer:

  1. Dette var artig, Anna! Eg fekk lyst å prøve dette programmet med ein gong! Gjerne du kunne skrive litt om korleis dette programmet fungerar i teksten? Interessant samtale mellom dei fine figurane dine, og det er jo heilt sant; motivasjon fører til god læring :) No er i alle fall eg motivert til vidare jobbing! hehe...

    SvarSlett
  2. Takk for det, Bente! Eg kan gjerne skrive litt om korleis programmet Xtranormal fungerer, eg har jo lagt min elsk på det! Eg har valgt å registrere meg med brukarnamn og passord på http://xtranormal.com , for å kunne samle på dei små filmane på mi eiga side. Eg startar med å velje ein eller to aktørar, og skrive dialogen. Pila over dialogruta peikar på kven som "snakkar", og treng du å utvide dialogen, klikkar du på pluss-teiknet i høgre hjørne i dialogruta. Etterpå vel du biletutsnitt, ved å klikke i dialogruta der biletutsnittet skal endrast og dobbelklikke på kamera-ikonet i venstre marg. Du vel alternativt utsnitt og legg det til. Vidare kan du legge til kroppsspråk, ansiktsuttrykk, lydeffektar og musikk på same måten. For å lagre nyttar du den blå knappen nede til høgre på sida. Som du ser så kunne eg fint ha redigert bevegelsane inn medan dei snakka, men eg syns det blir enda meir corny når det kjem nokre ukontrollerte rørsler midt i samtalen. Det absurde med denne filmen er temaet i kontrast til figurane og kroppsspråket. Son min på 11 laga ein film utan assistanse, og elevane mine har laga eigne filmar. Nokre laga norsk tekst berre for å teste, og det blei jo mislykka (og artig). Dette er rimeleg enkelt, og som eg har skrive ein annan stad i bloggen; brukande til mykje.

    SvarSlett