torsdag 22. april 2010

Blogging med klassa

Tidlegare i vår fekk eg låne 5.-7.klassa ved skulen vår, og temaet for veka var digital danning med fokus på nettvett. Korleis gripe an emnet utan å vere tantete og belærande? Eg valde å nytte elevane sin eigen sosiale arena, og laga ein klasseblogg. Trur elevane vart positiv overraska over vinklinga undervisninga fekk, dei hadde nok venta, eller rettare sagt frykta, ei messing om kva dei ikkje måtte finne på å gjere på det store farlege nettet. Og det fekk dei vite, men i ei anna form.
Etter å ha forklart for føresette kva som skulle skje, t.d. at denne bloggen ikkje skulle publiserast, var det greit at elevane fekk nytte sine private mailadresser for registrering. Eg avklarte også med elevane at det var greitt for dei å samskrive slik alle i klassa kunne lese. Det kan jo vere ein bøyg for skrivesvake elevar, elevar med dysleksi etc. I tillegg laga vi køyrereglar for korleis vi skulle skrive, og korleis vi skulle kommentere andre sine innlegg. Alle skulle få tilbakemeldingar, og kun konstruktive og positive ord. Vi kalla bloggen for "samskrivingsblogg", og så begynte moroa.
Eg styrte kva informasjon dei fekk om emnet nettvett denne gongen, deira fokus vart å konsentrere seg om innhaldet og lære seg å blogge på ein god måte. For kvart nettvett-emne vi lærte om, laga eg oppgåver i bloggen som dei skulle svare på. Og dei skreiv og skreiv. Og kommenterte kvarandre sine innlegg. I løpet av veka skreiv dei 12 elevane over hundre innlegg, og tilsvarande med kommentarar. Mykje god skrivetrening, og mykje god læring. Det kom fram då veka nærma seg slutten, og dei skulle evaluere.
Eg er overbevist om at elevane var meir motiverte for læring når dei fekk blogge om emnet. Det høyrer med til historia at elevane fortsette å nytte bloggen etter at veka var over. Når eg til hausten får mi eiga klasse, skal eg nytte blogging for samskriving. Google dokument er fint i nokre samanhengar, men motivasjonen for læring eg opplevde kom nok mykje på grunn av bloggen, deira heimebane.

2 kommentarer:

  1. Det høyrdes veldig kjekt ut å nytte blogging i skulesamanheng! Det verkar som dette var vellykka, og gav meirsmak! På skulen der eg jobbar har vi også laga ein blogg, og laga ein e-post adresse på skulen. Alle elevane kan nytte seg av denne mailen og difor er bloggen publisert. Sjølvsagt er det elevane sjølve som får avgjere kva dei vil leggje ut, og då kan dette være ting vi arbeidar med på skulen. Eg trur at blogging kan være kjekt for alle; også dei som er svake i skriving, men det er viktig at ein får god hjelp av lærar før publisering.

    SvarSlett
  2. Hos oss ville elevane gjerne legge ut bilete av seg sjølve, og eg vurderte det slik at bloggen kunne vere synleg berre for elevar og føresette mykje av den grunn.

    SvarSlett