onsdag 24. februar 2010

xtranormal

Dette var utruleg artig! Her er filmen:
http://www.xtranormal.com/watch/6165609

Etter å ha nytta Xtranormal ved fleire høve, både for moro og i samband med oppgåver i studiet er det på tide å reflektere litt over bruken av det i skulen. I eine oppgåva vi laga nytta vi Xtranormal i ein dialog om temaet gruppepress, og eg er overtydd om at det er motiverande for elevane å jobbe med eit leikprega program der dei styrer både tale og bevegelsar. At dei må nytte engelsk (evt fransk, tysk, spansk) tale er eit stort pluss. Etter 7.trinn skal elevane i følgje læreplanen for engelskfaget kunne "gi en kort muntlig og skriftlig presentasjon av et emne". Og "bruke digitale verktøy for å finne informasjon og som redskap for å lage tekster."
Om ein tenkjer tverrfagleg undervisning kan ein nytte engelskspråklege verkty innan ei rekke tema, t.d. frå samfunnsfag eller norskfaget. Under samansette tekstar i norskfaget skal elevane etter 4.trinn kunne "lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde". Etter mi meining kan elevar i 4.klasse fint gjere seg nytte av Xtranormal, men det vil kunne dekkje fleire generelle og fagspesifikke mål for elevar på dei høgare trinna i barneskulen.

2 kommentarer:

  1. hei du! du har ein skikkeleg seriøs blogg altså!! forstår eg har mykje å lære. eg vil veldig gjerne lese alt du har skrive...men som du veit så eg er den lettvinte venninna di som helst ser bilde og eg vart glad for at du hadde bilde av to av dei søte gutane dine lengst nede på sida. vi hørs kjære venn og lykke til vidare med studiane. a

    SvarSlett
  2. Takk for at du er interessert! Som sjefspedagog er du nok snart i gong sjølv!

    SvarSlett