lørdag 13. februar 2010

Mediedanning og mediepedagogikk

Eit kinesisk ordtak seier: ”Når forandringens vind blåser, bygger noen vindskjerm, mens andre bygger vindmøller" (IKT i utdanning/ digital dannelse). ”Tradisjonelt har medieverden vært assosiert med underholdning, men nå har skolen mulighet til å bruke mediene som læringsarenaer. Dette gir samfunnet, hjemmet og skolen danningsmessige utfordringer på mange områder”(Krumsvik 2007).
Svein Østerud ( Vettenranta, 2007) omtalar dei danningsmessige utfordringane, og peikar på at skulen dei siste tiåra har vore i klemme mellom det han kallar defensiv moralisme og naiv teknologioptimisme. Han viser tilbake til L93 og IT-planen, der massemedia blei inkludert i underhaldningsindustrien, som skulen skulle lære elevane å møte med all mogeleg skepsis. Vidare viser Østerud til Stortingsmelding 30, eit systemskifte som betraktar tileigning av kunnskap som ein meir dynamisk og heilheitleg prosess. Østerud skildrar ”dynamisk danningsprosess” som at menneske aktivt dannar seg sjølv i dialog med sine kulturelle og sosiale omgivnader, ikkje lenger berre basert på nedarva førestellingar og oppsamla kunnskap. Forfattaren hevdar at no dreier det seg om å kunne analysere dei konkrete sosiale praksisane dei unge er involvert i , og hente fram dei ressursane som trengs for å handle kompetent i kvart enkelt tilfelle. Østerud meinar at kvardagserfaringane til elevane, gjennom bruken av digitale media, i liten grad vert trekt inn i undervisninga. Og det må til, om skulen skal kunne ruste barn og unge til deltaking i samfunnsliv og arbeidsliv.
Soilikki Vettenranta (2007) hevdar at ei mediekritisk haldning er ein naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for ein kompetent samfunnsborgar. Elevane treng også tid til refleksjon, stabilitet og høve til å lære empati og ansvar. Dette stiller store krav til skule og foreldre, som med omsorg og fastheit skal beskytte og støtte dei unge og bygge bru mellom populærkulturen og skulekulturen. Skulekulturen som i følgje forfattaren (ibid) er gjennomrasjonalisert, og populærkulturen som er meir emosjonell og bergtakande. Vettenranta hevdar at mediepedagogikken kan minske gapet mellom desse to kulturane, og føresetnaden er at dei mediedidaktiske måla har med seg den filosofiske overbygninga. ” Mediedanningen er ikke frikoblet fra sine samfunnsmessige, kulturelle eller politiske sammenhenger”(ibid).
Om vi ser tilbake på ordtaket som vart sitert innleiande, så kan vi konkludere med at det krevst verkty og innsikt for å bygge både vindmøllene og digital danning, og at skulepolitikken heldigvis har endra (vind)retning. Den har meir fokus på å nytte seg av ressursane media gir, i staden for å verne seg mot dei i form av einsidig kritisk tenkning. Skulen må unngå turbulens i dei unge sinna ved aktivt og målretta å utfordre elevane sine kritisk-analytiske, ekspressive og kreative evner. Og sette elevane i stand til å nå både generelle og spesifikke læringsmål.
Kjelder:
Østerud, S (2007) Krever medieutviklingen en ny dannelsestenkning? S. Vettenranta (red) Mediedanning og mediepedagogikk – fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Oslo, Gyldendal Akademisk
Vettenranta, S. (2007) Mot mediedysleksiens tidsalder? S. Vettenranta (red) Mediedanning og mediepedagogikk – fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Oslo, Gyldendal Akademisk
Krumsvik, R (2007) Skulen og den digitale læringsrevolusjonen. Oslo, Universitetsforlaget.
Andre kjelder:
IKT i utdanning/ Digital dannelse: ( Internett) Tilgjengeleg frå: http://no.wikibooks.org/wiki/IKT_i_utdanning/Digital_dannelse
( Lasta ned 13.2.10)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar