onsdag 10. februar 2010

Radio.com og Radio Nettvett

Gruppa var er etterkvart erfarne Skypebrukarar, etter mange og lange kveldstimar med headset det siste året. Stort sett fungerer lyden bra, og det er supert å kunne diskutere medan vi sender t.d. lenker oss i mellom som vi treng i arbeidet. I samband med arbeidskravsoppgåve 1 i delemnet Lydproduksjon for web "sette vi opp eit Skypestudio", og gjorde opptak via Pamela.
Ein hadde ansvar for opptaket, ein var programleiar, og dei to andre skulle vere med i debatten rundt temaet vi skulle ta føre oss i Podcasten. Debatten ut frå stikkord vi var einige om gjekk vel så bra som opptaket etter manus til arbeidskravsoppgåva.

Lydmannen delte opptaket med oss andre, etter at han hadde redigert det i Audacity. Resultatfila i Mp3-format vart lagt i mappa i Dropbox, og vi delte Dropbox-mappa med kvarandre.
Her er øvingsoppgåva:
https://dl.dropbox.com/u/4409623/Carlos%20rad%20lyd.mp3

Parallelt med Arbeidskravsoppgåva hadde eg IKT-veke med elevane i 5.-7.klasse. Fekk låne dei ei veke og arbeidde med temaet nettvett. Omsider fekk eg høve til å prøve ut ulike verkty frå DKL1 og DKL2-studia, mellom anna laga vi radioprogram om nettvett i Audacity. Oppgåva var ganske fri, dei hadde arbeidd med ulike delemne innan temaet, og fekk vinkle radioprogrammet etter eige ynskje. No kan eg meir om avgrensing av problemstilling og produktmål, og kjem nok til å nytte det i seinare prosjekt. For eg ser at det kan vere vanskeleg å avgrense og halde den raude tråden når oppgåva vert så fri.

Eg viste elevane korleis dei gjorde opptak og redigerte i Audacity. Dei fekk lenker til opphavsklarert musikk dei kunne bruke til jingle og som bakgrunnsmusikk. Elevane arbeidde i grupper på tre, og skreiv manus til radioprogrammet. Dei fire gruppene gjorde opptak i same rom, men kunne flytte til grupperom om det var vanskeleg å konsentrere seg. Ei gruppe valde arbeidsro, dei andre såg ikkje ut til å merke at det var andre i rommet.
Elevane la om til bokmål(!)trass i at der er mange sunnmøringar i NRK ; ) Og med driv og entusiasme produserte dei varierte programinnslag og reklamepauser. Det var artig å sjå kor dei stillaste tødde opp og markerte seg. Mi rolle vart litt rettleiar, men mest tilskodar. No hadde eg rett nok ei lita gruppe, men med svært varierande datakompetanse, og Audacity var ukjent for alle.
Då elevane skulle oppsummere veka, var det fleire som meinte at radio, det var det kjekkaste og mest lærerike. Og når verktyet fall i smak og fungerte, er det berre opp til meg som lærar å finne ut kvar det kan gi undervisninga meirverdi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar