onsdag 10. februar 2010

Design

I leksjonen om visuell utforming lærte vi om grunnleggande trekk og visuelle verkemiddel når vi skal lage ei nettside.
Korleis skape ei hensiktsmessig nettside som treff den tiltenkte målgruppa? Her er god planlegging av struktur og ein strategi for innhaldet avgjerande. Dette påverkar språket og utforminga. Visuelle verkemiddel som farge, skrift og komposisjon avgjer om innhaldet, og dermed bodskapen, når mottakar.

I leksjonsteksten kom vi inn på dei engelske omgepa "accessability" som tyder tilgjengeligheit, og "usability" som går på kor brukbar nettsida er utfrå føremålet.
Føremålet med studiebloggen min er å få synleggjort innsikt i dei ulike delemna i studia DKL1 og DKL2. Mottakar er lærarane mine, medstudentane og meg sjølv. Vi har felles interesse for digital kompetanse, snakkar same fagspråk og vil same veg. Samtidig som bloggen kan vere av interesse for medstudentar, så gir den meg ei oversikt over kva eg har lært, og dermed grunnlag for vidare refleksjon. Det at bloggen er open for kommentarar gjer den meir brukbar ut frå desse føremåla.

Eg har bevisst vald lys bakgrunn, få skrifttypar, lite forstyrrande og unødvendige element. For andre mottakarar kan bloggen vere kjedeleg og lite inspirerande, for meg er den ryddig. Dette har med oppfattingsevne, men også med smak å gjere. Eg kunne ikkje hatt glitrande og blinkande figurar i arbeidsreiskapet mitt, eller i ei nettside eg ville presentere meg gjennom.

Komposisjonsmessig burde oversikta over innlegga mine komme høgare oppe, for å gjere innhaldet meir tilgjengeleg. Gadgets i form av spørjeundersøkingar var meint å skape meir liv på sida, og gjere den meir interaktiv, men responsen var laber og det er visuelt heller støyande. Eg følgjer alle medstudentane sine bloggar, noko som gir meg fellesskapskjensle og inspirasjon. Det er enda eit moment som taler for at bloggen min er likeså mykje ein arbeidsblogg for meg sjølv som ein presentasjonsblogg.

2 kommentarer:

  1. Enig med deg at bloggen din er ryddig og oversikteleg. Eg tur gjerne at spørjeundersøkinga di er for langt nede til at folk som besøker sida di får auge på denne.

    SvarSlett
  2. Hehe, ja eg flytta spørjeundersøkingane ned etter at dei var ferdig. Takk for positive tilbakemeldingar! ; )

    SvarSlett