torsdag 8. april 2010

Problemstilling for eit medieprodukt

I delemnet prosjekt og produkt skulle vi få kjennskap til prosjektarbeid som arbeids- og læringsmetode. Vi skulle lære å arbeide eksemplarisk med tidsavgrensa, resultatretta, samarbeidsbaserte engangsarbeid. Som nevnt i leksjonsteksten har oftast lærarar ein gjennomtenkt og uttalt baktanke med eit prosjektarbeid. Samtidig ynskjer vi elevar som er engasjerte, sjølvdrivne, bevisste og målretta. Ved å arbeide systematisk med konkretisering av problemstilling ut frå undervisninga sitt fokus, kan ein både auke motivasjonen og måloppnåinga hos elevane.

Døme på konkretisering av problemstilling:
Tema: Digital danning
Kompetansemål: Samfunnsfag, etter 7.trinn: "(...) utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett (...) Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbasert kommunikasjon."

Avgrensing av tema: Korleis auke medvitet rundt digital danning?
Avgrensing av problemstilling: Korleis auke medvitet rundt kva digitale spor elevane etterlet seg på Internett?
Betre avgrensa problemstilling: Korleis kan vi ved hjelp av ein video auke medvitet til elevane når det gjeld kva dei etterlet seg på Internett"
Avgrensa problemstilling: Gjennom å produsere ein video med ulike verkemiddel, korleis kan vi auke medvitet til elevar i 5.-7.klasse når det gjeld det å legge ut bilete på Internett?

2 kommentarer:

  1. Sidan vi har vore på gruppe både i DKL1 og DKL2, veit eg at arbeid som du gjer Anna, alltid er solid. Her er nok eit døme på dette, og du har klart føre deg korleis ein skal avgrense tema og problemstilling.

    SvarSlett
  2. Takk i like måte, vi har jo jobba med dette og lært dette ilag. Og at det har vore nyttig å avgrense og definere har vi jo erfart : ) Viktigheita av å vere einige og fortsette prosessen mot eit produkt med same oppfatning av målet er ein føresetnad for ein vellukka prosess. Der har vi mykje å lære elevane.

    SvarSlett