torsdag 8. april 2010

Informasjonskompetanse 1

Universitetsbiblioteket i Oslo sin definisjon på informasjonskompetanse er: "Evnen til å finne og behandle informasjon ut fra eksisterande individuell viten". I læreplanen LK06 vert det forventa at elevane skal utvikle denne evna. I læreplanen for samfunnsfag står det at
"å kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å gjere berekningar, søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema"(UFD,2006).

Når det gjeld det å søke seg fram til og finne eigna informasjon så er vi langt frå kompetente nok i skulen. Å utvikle informasjonskompetanse er omfattande og krevjande, men heilt sikkert eit arbeid det er verdt og nødvendig å investere tid i. Sjølv har eg "slept laus" elevar på Internett på jakt etter informasjon om eit emne, og læringsutbyttet etter bortimot klipp og lim har vore nedslåande.
Spørsmålet vert då korleis ein som lærar kan organisere læringsprosessane, slik ein unngår at elevane vert reproduserande og i liten grad reflekterande.

Birgitte Kleivset ved Universitetet i Agder deler informasjonskompetanse i; søkje, vurdere og bruke.

SØKJE:
Ho oppmodar studentane om å starte med motivasjonen for å leite etter informasjon, og deretter ein brainstorming for å kome fram til aktuelle søkeord. Gjerne synonym eller faguttrykk. Google vert anbefalt som søkemotor, i tillegg til leksikon som Wikipedia. Ho påpeikar viktigheita med å kryss-søke, og bruke ulike kjelder for å samanlikne innhaldet. I tillegg omtalar ho søkekatalogar som Kvasir og Yahoo, aviser og tidsskrift.

VURDERE:
For å evaluere kvaliteten på og velje ut hensiktsmessig informasjon nyttar ho spørjeord.
- Kven er opphavet til informasjonen? Er den eigna?
- Korleis er informasjonen framstilt? Passar den nivået til brukaren?
- Kvifor er dette skrive? Baktanke?
- Når er det skrive? Er kjelda oppdatert?

BRUKE:
Her viser Kleivset til Åndsverkslova og kravet om å henvise til kjelder.

Trass i at denne metoden er tilpassa studentar, har mykje av det Kleivset nemner overføringsverdi til grunnskulen i arbeidet med å skape effektive søkestrategiar for kvalitetssikra informasjon i relevante kjelder. Men er dette tilstrekkeleg?

Tord Høivik( 2008) skriv om å guide elevane og tilrettelegge læringsressursar, og påpeikar at måten elevane nærmar seg informasjonen på er avgjerande for læring. Han hevdar at for å finne kvalitetssikra kjelder må ein:

- velge vevstader av høg kvalitet når ein søkjer på eiga hand
- søke kvalitetssikra inngangar til veven
- bruke ressursar innanfor ein kvalitetssikra læringsarena
- bruke eit skule- eller folkebibliotek - om nødvendig med personleg rettleiing

I det vidare arbeidet mitt skal eg ta i bruk web 2.0-verktyet Netvibes som informasjonsnav. Dette skal eg gjere for å styrke informasjonskompetansen både hos elevane og meg sjølv. Eg kjenner på meg at det kan bli svært interessant!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar