lørdag 24. oktober 2009

Elevane sin mediekultur i undervisninga ?

Eg arbeider på ein liten, fådelt skule. Vi er så få at vi ikkje får lov til å offentleggjere verken kommunale eller nasjonale spørjeundersøkingar. Så eg synest at eg må vere varsam med å skildre min skule og mitt lille kollegium i ein blogg. Eg vel derfor å skrive meir generelt om kva eg meiner kan hindre at elevane sin mediekultur vert trekt inn i undervisninga i dagens skule.

I dag er det krav til mediekompetanse på alle nivå både innanfor utdanning og i arbeidslivet. Det er eit krav i læreplanen, men i følgje UTI Monitor 2009 er det ein seig prosess i praksis. Kva kan praksisfeltet gjere for å implementere digital kompetanse på best mogleg måte?
I følgje Høiland og Wølner ( 2007) må lærarar " ta et skritt i retning av å møte eleven, og ta i bruk ferdigheter, kompetanse og hverdagskunnskaper som eleven allerede innehar". Lærarar må altså sjå på elevane sin eksisterande kompetanse som ei utfordring, og eit høve til å vidareutvikle den til det Søby (2005) definerer som digital kompetanse: " Ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet".

For nokre år sidan gjennomførte eg eit datakurs for 5.-7.klasse. Vi sat på datarommet, også kalla "museet", og ut frå ein manual skulle den urøynde og sjølvoppnevnte IKT-læraren instruere elevane steg for steg i Open office Calk.
Elevane vart raskt ferdige. "Kan vi gjere det vi vil no"?, spurde dei, og det fekk dei lov til, så sant dei ikkje fann på noko tull. Og tullet læraren hadde i tankane var nettsider som "penest.no" og "blink.no", som avisene hadde åtvara om, og som slett ikkje hadde noko med skule å gjere. Elevane kasta seg over maskinene, og med iver og glød viste dei meg nettsider dei besøkte i fritida. Dette var nettsider eg ikkje ante eksisterte, og eg vart overraska over kva elevane kunne og korleis dei orienterte seg i verdsveven.
Dette er fleire år sidan, og sidan då har det vore ei rivande utvikling på nettet. Elevane spelar "Farmville" og held kontakt med bestemor på Facebook. Dei høyrer musikk på YouTube og Itunes, og til og med 1.klassingane finn fram og spelar på t.d. NRK sine interaktive nettsider. Internett er berre eitt av fleire medium som leverer barne- og ungdomskultur, men eg vel å fokusere på det. Dette er kvardagen til elevane, det er her dei vil meistre.

Kva hindrar at lærarane bygg vidare på denne digitale kompetansen barn og unge har frå sin fritidskultur?
Min påstand er at mange lærarar ikkje er klar over kva som er elevane sin mediekultur. Vi veit at dei spelar dataspel og nettspel, og kanskje vi til og med synest det er ein styggedom som tek merksemda vekk frå nyttig lærdom og aktivitet. Eg trur etter mange års erfaring i ulike kollegier at det er det amerikanske mediepedagogiske perspektivet som råder på mange lærarrom. Om vi prioriterer å nytte IKT i undervisninga, så er det for å nytte læreverka sine nettstader og elles til formaningar om varsemd og nettvett.
Dette er nok sikkert provoserande og generaliserande skildra, og kanskje sett på spissen, men tala i UTI Monitor 2009 taler for seg. Og dei viser svært begrensa bruk av t.d. IKT i undervisninga.
Kanskje lærarane burde kartlegge mediebruken til elevane, og bruke resultata som rettesnor når dei planlegg undervisning?
Eg vil avslutte med å sitere Elise Seip Tønnesen frå boka "generasjon.com"(2007: 157):
"De ( elevane) investerer sine følelser, sitt engasjement og sin nysgjerrighet i mediebruken sin. Dette kunne være et fantastisk utgangspunkt for læring. Spørsmålet melder seg av og til om skolen har forstått hva det hele handler om. At det faktisk ikke bare dreier seg om å bytte ut blyant og fyllepenn med mus og tastatur. Det dreier seg ikke bare om nye redskaper til å gjøre det samme som skolen alltid har gjort ".


-------------------------------------------------------------------------------------------------
 
Høiland og Wølner (2007:13): Fra digital ferdighet til kompetanse
ITU, Universitetet i Oslo Tilgjengeleg frå: http:// udir.no/upload/rapporter/ITU_rapport.pdf ( lasta ned 1.10.09)
Seip Tønnesen, Elise (2007: 157): generasjon.com.

Søby ,M (2005) : Digital skole hver dag - om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen.
UTI Monitor 2009 . Skolens digitale tilstand.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar